Faregrad 4 - Stor snøskredfare i Møre og Romsdal

Faregrad 4 - Stor snøskredfare i Møre og Romsdal

NVE har varsla om raudt farenivå for snøskred og oransje farenivå for jord-, sørpe-, flaumskred.

Varsomno

Faren gjeld frå fredag 2. februar kl. 07.00. Les meir om farevarselet her: Flaum- og jordskredvarsel | Varsom.no
 

Raudt nivå tilseier at det er omfattande ustabile tilhøve. Det er venta store skred som losnar av seg sjølv. Skred kan losne av seg sjølv allereie frå morgonen av, men skredfaren aukar utover dagen ettersom snøen vert utsett for meir og meir mildvêr og regn. Faren for store skred som når langt er størst i dei områda som har fått mest snø dei siste dagane. Hald god avstand til skredterreng.

Oppsøk meir informasjon på varsom.no før du ev. legg ut på tur.  I tillegg er det oransje farevarsel for jord-, sørpe-, flaumskred og gult farevarsel for flaum, regn og snø.

Statsforvaltaren har bedt kommunane om å følgje situasjonen og iverksette naudsynte tiltak ut frå lokalkunnskap og planverk.