Fest for vaksinasjonsteamet

Fest for vaksinasjonsteamet

Måndag 27. september var det fest for vaksinasjonsteamet i Voldahallen.

På biletet f.v.: Hilde Ørstavik Lundberg, helsesjukepleiar og Toril Høydal, vaksinekoordinator og no pensjonert avdelingsleiar ved helsestasjonen i Volda.

Toril inviterte til fest for å markere at vi er ferdig med 41 dagar med vaksinering. Hovudtyngda med vaksinering er gjennomført på ein flott og god måte av eit flott team, sa ho. 

Arbeidet med vaksineringa starta alt i november 2020 då kommunene fekk beskjed om at det skulle kome vaksine mot koronaviruset og at kommunane måtte førebu seg. Dei måtte lage plan for korleis dette arbeidet skulle gå føre seg. Saman med Hilde har ho i mange år vore med å planlagt influensavaksineringa i kommunen. Det var nok difor at dei også fekk dette oppdraget, sa Toril på festen.

Sjølve vaksineringa starta i januar 2021, på omsorgssenteret, med dei eldre og eldste først. Den første vaksineringa vidare var 4. februar på samfunnshuset. Så har vi arbeidd oss gjennom høgrisiko, lavrisiko og sidan nedover aldersgruppene. 

Dette har vore eit arbeid som har vore krevjande og vi har måtta snudd oss om rask etterkvart som det stadig kom endringar og vaksiner. Det har vore eit arbeid som ikkje hadde vore mogleg å få til utan at alle saman her har gjort ein bit, sa ho til alle medhjelparane og frivillige som hadde møtt opp på festen. Det har vore ro og stille, folk har arbeidd og gjort det som har vore naudsynt. Vi har hatt dyktige folk med oss på laget.

Vi flytta opp til Voldahallen 1. mai då det var behov for samfunnshuset til andre føremål. Lokalet i Voldahallen har vore veldig bra og vi har fått ein mykje betre flyt enn ein fekk til på samfunnshuset. Vi har vaksinert over 700 personar på ein dag. Vanlegvis mellom 400 og 600 pr dag. 

Vi har tatt ivare alle. Alle dei som har besvimt og dei som nesten har besvimt. Nokon liggande, nokon i mørket, nokon på eit anna rom og nokon ute i bil. Vi har vore fleksible sjølv om vi har sagt at vi berre skal vere i Voldahallen. Det har vore heilt nydeleg å jobbe saman med dokke alle, sa Toril i sin tale. Vidare fotalte ho at "Vi har ringt til mange. Dei som har sovna, dei som har gløymt det, dei som har vore sjuke og dei som ikkje vil". 

Dei som har tatt imot i gangen har møtt mange spørsmål, vi andre har kome og hjelp til, og saman har vi funne ut av det i lag. Dette samarbeidet som de har vist og har fått til er det som gjer at  vi på slutten av dagen kan senke skuldrane og kunne seie at,  "Ja, vi har hatt ein god dag i dag også".

Dette har vore mogleg å få til fordi de har vore dyktige, positive og kunnskapsrike. Toril fortalte at Hilde har vore høgrehanda hennar og at ho er svært dedikert til det ho gjer. Ho har laga prosedyrar og vi har hatt opplæring av alle som har kome for å hjelpe til. 

Det har vore med 87 frivillige, ikkje medrekna personar frå STYRK, reinhald, helsestasjonen og helse- og omsorgstenestene. Det har vore fantastisk å ha med så mange hjelparar.

Toril seier at det er vanskeleg å nå alle med takk, så det var godt å få hjelp av orførar til å utbringe takk på festen. Ho nemner likevel at ho vil takke reinhald og ikkje minst STYRK, den flotte gjengen som har fiksa parkeringa. Det har til tider vore kaos på parkeringa, men STYRK har fiksa det, og dei har henta bos og dei har vore så positive. Det har vore godt å vite at dei har vore der. 

På biletet f.v.: Jon Inge Bjørdal og Sindre Ervik frå STYRK saman med ordførar Sølvi Dimmen og Per Ivar Kongsvik, kommunalsjef oppvekst.

Vaksinestatistikk

På landsbasis er det 66,8 % som er fullvaksinert, medan vi i Volda har 69,4 %. 

På landsbasis er det 76,4 % som har fått ei vaksinedose, i Volda 79 % . Vi i Volda er over gjennomsnittet i landet!

Vi har vaksinert i 41 dagar, det er faktisk 3 månader kontinuerleg arbeid. 

No trappar vi ned fordi det er så stor prosent som har fått vaksine. No vert det berre kvar 4. torsdag framover. Men dette kan fort endre seg. Styresmaktene vurderar stadig om fleire aldersgrupper skal ha vaksine og om fleire skal ha fleire doser.

Influensavaksine

Neste er influensavaksine. Denne skal bli køyrt ut i oktober, så det vert truleg influensavaksinering i november. Toril seier at ho håpar at same gjengen vil hjelpe til med influensavaksinering. Det står at ein anbefaler kommunane å bruke samme lokale og samme personell, om ein får det til, som ved koronavaksineringa. 

Tusen takk til alle for innsatsen dokke har vist. Dette er ein spesiell situasjon , det er ein pandemi over hele verda. Dette er Volda sin bit. Det er verdsomspennande arbeid de har vore med å bidratt i. Vi vonar at vi kan halde fram samarbeidet, avslutta Toril med.

Påskjøning til sanitetslaga

Per Ivar Kongsvik, kommunalsjef oppvekst, takka også for arbeidet dei møtte har bidratt med. Eit arbeid som gjer at vi alle kan gå tilbake til ein normal kvardag. Han delte ut påskjøning til sanitetslaga som har møtt opp og stilt opp i arbeidet. 

På biletet f.v.: Marie Måen, Austefjord sanitetslag, Reidun Heimen Heltne, Vikebygda sanitetslag, Aud Osdal, Volda sanitetslag og Sissel Håskjold, Mork sanitetslag.