Fibernett på Straumshamn

Fibernett på Straumshamn

Bilete av Ivar Driveklepp, Adm. dir Tussa IKT, Ordførar Sølvi Dimmen og Paul Ottar Tornes, digitaliseringsrådgjevar i Volda kommune.  - Klikk for stort bileteBilete frå pressekonferanse 21. februar om breibandsutbygginga i kommunen. Tussa vannkonkurransen og er i rute med utbygging av fibernett på Straumshamn og Bjørkedalen. Ellen Taraldset

Onsdag 2. november har dei første kundane på Straumshamn fått fibernett i heimen.

Tussa er i rute med fiberutbygginga på Straumshamn og Bjørkedalen. I dag har dei første kundane fått fibernett i heimen.

Tussa vil også legge inn fiber på Grendahuset i Kilsfjord også, slik at bygdefolket har eit samlingspunkt om dei treng å kople seg på nett før utbygginga er ferdig. Då vert det mogleg å gjere lekser, spele dataspel, betale rekningar eller andre ting det er behov for.

Tussa skriv at  arbeidet med sjøkabellegging inn til Kile, i Nedstevatnet, Midvatnet og Bjørkedalsvatnet blir utført i veke 45.

Dei er altså per i dag i god rute med å få alle over på lynraskt fibernett til nyttår!