Flotte kunstverk på Blåbærhaugen barneavlastning

Flotte kunstverk på Blåbærhaugen barneavlastning

Blåbærhaugen barneavlastning har hatt fått fotte kunstverk i gåve. 

Live Nilsvik saman med måleri av Bambi. - Klikk for stort bileteVilde Nilsvik, seksjonsleiar ved Blåbærhaugen barneavlasting saman med måleriet av Bambi. Volda kommune

Vilde Nilsvik, seksjonsleiar ved Blåbærhaugen barneavlasting, strålar av glede når ho fortel om det nye kunstprosjektet som har vorte realisert i samarbeid med elevar og lærarar frå KDA ved Volda vidaregåande skule. 

Nilsvik tok kontakt med linja for Kunst, design og arkitektur ved Volda vidaregåande skule for å høyre om det var mogleg å få elevane der til å ta på seg dette oppdraget.

– Eg har drøymt om dette veldig lenge. Gangen vår har vore så kjedeleg, og vi trengde verkeleg litt fargar og liv her. Det er fantastisk at det no ser ut som ei ekte barneavlasting. Dette er ein draum som har gått i oppfylling, seier Nilsvik.

Ho retta ein stor takk til både elevane og lærarane som har lagt ned ein imponerande innsats for å fullføre prosjektet. 

Lærarane Rita Slotterøy, Pauline Anna Masdal og Yngvild Birkeland fekk førespurnaden alt på våren, ei tid då mykje anna skjer. Men då dei først fekk sett på dette prosjektet og moglegheitene som låg i det, var dei ikkje i tvil.

– Vi såg den lange smale gangen og forstod at dette verkeleg kom til å gjere ein forskjell, seier Slotterøy. I dette prosjektet har dei knytt opp tre fag,  “Kunst og visuell verkemiddel, ”Design og arkitektur" og Kunst og skapande arbeid". 

– Elevane har jobba godt og over all forventning. Dei har lagt ned 15 timar i veka, og det står stor respekt av innsatsen deira, spesielt sidan dei har brukt mykje av fritimane sine også. 

Elevane har vist at dei kan arbeide godt under press. – Dette er eit produkt vi som skule og linje kan vere stolte av å gi i gåve, understrekar Masdal. – Vi veit at de alltid står på, men innsatsen de har lagt ned i dette prosjektet, har vore heilt fantastisk. 

Det er lærerane som har bestemt at temaet skulle vere motiv frå Disney. Elevane har funne motiv tilpassa målgruppa.  

Prosjektet har gitt Blåbærhaugen eit nytt uttrykk, fylt med fargar og leikne figurar som gleder både store og små. 

Vilda Nilsvik klipper snor for opning. - Klikk for stort bileteVilde Nilsvik, seksjonsleiar ved Blåbærhaugen, kliper snora for offisiell opning. Volda kommune

 

Elevane som har måla poserer ved veggmåleriet sitt. - Klikk for stort bileteElevane Lubabah Ameer, Eileen Færøy og Sarah Melo Fiskaa, saman med veggmåleriet sitt. Volda kommune

 

 

Gangen med flotte måleri. - Klikk for stort bileteGangen med flotte måleri. Volda kommune

 

Elevar og lærarar frå Volda vidaregåande skule - Klikk for stort bileteFv. Amanda Høydalsvik, tillitsvalt for klassa, Vilde Nilsvik, seksjonsleiar Blåbærhaugen, faglærar Rita Slotterøy og Pauline Anna Masdal (Faglærar Yngvild Birkeland var ikkje tilstade) Volda kommune

 

Gangen på Blåbærhaugen med måleri - Klikk for stort bileteSlik ser den lange gangen ut med måleria. Volda kommune

 

Gang med måleri med Disneymotiv - Klikk for stort bileteFargerik gang med Disney-motiv. Volda kommune