– Frå 15. april er det ikkje lov å gjere opp eld eller handsame brannfarlege gjenstandar i eller ved skog og utmark, seier branningeniør Knut Øystein Ekroll.
– Forbodet gjeld fram til 15. september.
– Perioden april til september er den tida på året det oftast oppstår gras og skogbrann. Bakken tørkar opp og det skal lite til før det tek fyr i tørt gras og anna vegetasjon.
– Så mykje som 9 av 10 brannar i skog og utmark skuldast uforsiktig bruk av open eld.
– Unntaket frå bålforbodet er bål som er tent opp på stadar der det er openbart at det ikkje kan oppstå brann, typisk dersom det har vært mykje nedbør over lang tid. Ved bruk av tilrettelagte bålplassar er det viktig å vurdere om det likevel kan bli brann ved at gnistar og glør spreier seg i lufta. Det er viktig å alltid forsikre seg om at bålet er heilt sløkt før ein forlèt staden.
Ekroll seier at forbodet ikkje berre gjeld for bål, det gjeld også anna bruk av open eld som grilling.
– Alle må være forsiktige ved bruk av eld og ein må ta førehandsreglar for å redusere faren for brann. Den som gjer opp eld må ha tilgang til sløkkemiddel for å avgrense skadane dersom det oppstår brann. Oppgjort eld skal ikkje forlatast før den er fullstendig sløkt, det er den som gjer opp elden som er ansvarleg heilt fram til bålet er sløkt.
Volda kommune