Forlengar avtalen som Fairtrade-kommunar

Forlengar avtalen som Fairtrade-kommunar

Ordførarane i Ørsta og Volda mottok fairtrade blomar, og sertifikat på at dei framleis er Fairtrade-kommunar. Frå venstre ordførar i Ørsta, Stein Aam, Ingrid Opedal, leiar i styringsgruppa for Fairtrade-kommunene Volda og Ørsta, ordførar i Ørsta, Sølvi Dimmen, Innkjøpskoordinator i Volda kommune, Ingvild Heggedal Kjøde , og arenaleiar på Aasentunet, Olav Øyehaug Opsvik. Ørsta kommune Volda og Ørsta kommunar har forlenga statusen sin som Fairtrade-kommunar.

Det betyr at kommunane framleis forpliktar seg til at ein viss del av innkjøpa kommunane gjer skal vere Fairtrade-produkt. Dette blei markert torsdag 21. oktober 2021 på Aasentunet.

Vi har forankra vår Fairtradestatus i plandokument og innkjøppsstrategien vår. Vi jobbar også inn mot innkjøpssamarbeidet for å utvide sortimentet av fairtrade-produkt som vert brukt i kommunen, seier ordførar Sølvi Dimmen.

Ordføraren peika også på det samfunnsansvaret vi tek ved å vere ein Fairtrade-kommune og at dette er eit konkret bidrag til berekraftig utvikling og nokre av FN sine berekraftsmål. Gjennom rettferdig handel er vi med på å bekjempe fattigdom og stimulere til utvikling gjennom våre innkjøp. Ordføraren oppmoda også om at både private bedrifter og privatpersonar støtta opp under dette ved å nytte Fairtrade-produkt.

Ingrid Opedal er leiar i styringsgruppa for Fairtrade-kommunene Volda og Ørsta, og ho gav takk til kommunane, som førebels er dei einaste i fylket som er Fairetrade-kommunar. Ordførarane på si side uttrykte takksemd for den jobben Opedal og organisasjonen gjer, og framheva den gode kvaliteten på produkta som blir levert.

Det er i stor grad val av kaffi og delvis også te ved innkjøp som gjer kommunane til Fairtrade-kommunar. I Ørsta kommune er det ei målsetting at minst 62% av all kaffi som kommunen kjøper inn skal vere merka med Fairtrade, og 15% av teen skal også ha merket. I Volda kommune er målsettingane 95% kaffi og 15% te.

Fairtrade-organisasjonen jobbar for å gjere «rettferdige» produkt tilgjengeleg for forbrukarane. Dette er produkt der bønder og andre produsentar får rettferdig betaling for jobben og produkta dei leverer. Det er også ei målsetting at produkta skal vere produsert på ein berekraftig måte. I tillegg til at dei arbeider for at kommunar skal velje å kjøpe Fairtrade-produkt, jobbar dei også for at serveringsstader og butikkar skal selje produkta, og at forbrukarane vel å nytte produkta i kvardagen.

Ørsta kommune