-Eg er stolt over kva vi har fått til i Volda. Å legge til rette for entreprenørskap og gründerskap er viktig for å bygge samfunnet, etablere arbeidsplassar og ein attraktivt stad der folk vil leve og bu, seier ordførar Sølvi Dimmen.
I Volda er hoppid.no-kontoret lagt til Sunnmøre Kulturnæringshage. Her får ein gratis råd og rettleiing samt tilbod om kurs med tilgang til nettverk og møteplassar.
Det at hoppid-kontoret er lagt til Sunnmøre Kulturnæringshage styrkar koplinga mellom kreative næringar og næringsliv i regionen, seier Martin Foldal på hoppid.no-kontoret i Volda.
Gründerfylket
Målet med hoppid.no er å skape nye og levedyktige bedrifter, bidra til auka mangfald i arbeidslivet, auka verdiskaping og å styrke Møre og Romsdal som gründerfylke.
Frå venstre: Rune Sjurgard, kommunedirektør i Volda kommune; Liv-Bente Viddal, Landbrukskontoret for Ørsta og Volda; Martin Foldal, Sunnmøre Kulturnæringshage; Sølvi Dimmen, ordførar i Volda kommune, Mari Dorte J. Michaelsen, Innovasjon Norge; May-Britt Roald, Møre og Romsdal fylkeskommune/hoppid.no; Aud Lindset Drågen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Her kan du lese meir om ordninga: hoppid.no