– Fridom er eit ansvar vi alle ber

– Fridom er eit ansvar vi alle ber

Glimt frå 8. mai-markeringa: – Mange har ofra mykje, og nokre har ofra alt. Vi må heidre veteranane våre ved å leve etter dei verdiane dei har kjempa for, og ved å fremme demorakti, mennesekrettar og rettferd.

Det sa områdesjef i Heimevernet, Hans-Ole Låbakk, i helsinga si ved bysta av Ragnar Ulstein utanfor Ulstein rådhus, 8. mai. 

På biletet under ser du nokon av dei som møtte frå Volda og Ørsta.

F.v. framme: Paul Kristian Hovden, Steinar Vatne, Per Are Sørheim, Sølvi Dimmen og Guttorm Hagen. Bak f. v.:  Per Inge Øye og Kai Evensen.  - Klikk for stort bileteF.v. framme: Paul Kristian Hovden, Steinar Vatne, Per Are Sørheim, Sølvi Dimmen og Guttorm Hagen. Bak f. v.: Per Inge Øye og Kai Evensen. Ordførarane er veterankontakter i sine kommunar. Guttorm Hagen har ei koordinerande rolle. Han seier at arrangementet er eit godt tiltak. Volda kommune

 

Varaordførar i Herøy Karl-Oskar Sævik, ordførar i Ørsta Per Are Sørheim, ordførar i Hareid Bernt Brandal, russepresident ved Ulstein vgs. Andrea Skaar Berg, områdesjef i Heimevernet Hans-Ole Låbakk, ordførar i Ulstein Stian Skorgen Scheide, ordførar i Volda Sølvi Dimmen og ordførar i Sande Dag Vaagen. - Klikk for stort bileteVaraordførar i Herøy Karl-Oskar Sævik, ordførar i Ørsta Per Are Sørheim, ordførar i Hareid Bernt Brandal, russepresident ved Ulstein vgs. Andrea Skaar Berg, områdesjef i Heimevernet Hans-Ole Låbakk, ordførar i Ulstein Stian Skorgen Scheide, ordførar i Volda Sølvi Dimmen og ordførar i Sande Dag Vaagen. Volda kommune

 

Det var godt oppmøte då Ulstein Mannskor inviterte til markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai, saman med dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, NVIO (Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjonar), avdeling Sunnmøre, og NROF (Norsk Reservistforbund) Søre Sunnmøre.

Frigjerings og veterandagen 8. mai mange møtte - Klikk for stort bileteMange møtte opp for å ta del i markeringa. Volda kommune

 

Også russepresident Andrea Skaar Berg frå Ulstein vidaregåande skule var invitert til å seie nokre ord.

– Det er ikkje sjølvsagt at vi bur i eit fritt land, når vi ser kva som skjer ute i verda i dag. Vi som er unge skal bere arven etter dei som kjempa for fridomen vår vidare, stolte og audmjuke. Og vi skal minnast og heidre dei ved å stå opp for det dei kjempa for – fridom og demokrati. Vi skal omfamne rolla vår som unge leiarar og reflektere over kva det vil seie å vere del av noko større enn oss sjølve, og kva det inneber å vere borgarar i ei verd i stadig forandring. Saman kan vi lage ei betre verd for framtida.

Blomar til russepresident Andrea Skaar BergIMG_0883.jpg - Klikk for stort bileteRussepresident Andrea Skaar Berg fekk æra av å legge ned krans ved bysta av Ragnar Ulstein. Etter talen sin fekk ho blomar som takk. Volda kommune

 

– Det er vanskeleg å sjå føre seg den gleda og euforien dåtidas nordmenn kjende på då landet var fritt etter fem års okkupasjon. Eg kjenner takksemd og har djup respekt for dei som kjempa, sa Låbakk, som nytta høvet til å også løfte fram alle kvinnene som kjempa for eit fritt Noreg.

– Den militære innsatsen står sentralt, men mange av dei som bidrog mest var sivilie. Det er viktig at vi også minnast alle dei modige kvinnene som bidrog under okkupasjonen, ofte med svært stor personleg risiko. Då krigen var eit faktum var det dei beste som stod fram, menn eller kvinner.

Ulstein Mannskor var dei som starta tradisjonen med markeringa av 8. mai, ved bysta av Ragnar Ulstein. - Klikk for stort bileteUlstein Mannskor var dei som starta tradisjonen med markeringa av 8. mai, ved bysta av Ragnar Ulstein. Volda kommune

 

Etter krigen har over 100 000 nordmenn tenestegjort i over 40 land verda over. 

– Trugslane har endra seg, oppgåvene er ulike, men felles for alle vetaranane våre er viljen til å bidra for utvikling, fred og tryggleik for menneske verda over. Dette er menneske som har valt å bidra og som har tatt eit val som er langt større enn seg sjølv. Vetaranane lærer oss verdien av fred og behovet for å arbeide mot konflikt. Det som skjer ute i verda no er ei brutal påminning om at fridom og fred aldri er garantert, og kampen for desse ideala krev kontinuerleg innsats og offer, sa Låbakk.

Ulstein Mannskor sette ei vakker ramme rundt arrangemenet med song, og avslutta med nasjonalsongen.

Artikkeltekst Janne-Marit Myklebust