Frivillige lag og organisasjonar!

Frivillige lag og organisasjonar!

Bileta av hender som samarbeider for vekst - Klikk for stort bilete Pexels.com Ope møte for frivillige lag og organisasjonar onsdag 15. juni på Røde Kors-huset.
De som ikkje har høve å møte fysisk, kan delta via linken: Bli med i samtalen (microsoft.com)

Volda kommune skal ta imot om lag 150 flyktningar i år, dei fleste frå Ukraina. Det er estimert at det skal kome om lag 5 stk i veka i tida framover. Av desse er mange born som skal inn i skule og barnehage til hausten, men som står utan fritidstilbod fram til då. Det er ønskjeleg å få flyktningane inn i allereie eksisterande tilbod, men sidan mykje stengjer ned om sommaren håpar vi å kunne drøfte moglegheiter for eventuelle sommartilbod i dykkar lag og organisasjonar.

I dag veit vi ikkje kva behov som dukkar opp, men vi ønskjer i alle tilfelle at både born og vaksne skal føle seg velkomne og ivaretekne når dei kjem. Vi ser at frivillige organisasjonar kan vere med å bidra til å skape eit godt møte med lokalsamfunnet for dei som kjem til Volda, og at både det offentlege og private står sterkare dersom ein samarbeider. Vi vil difor invitere dykk til eit kort informasjon- og samarbeidsmøte med open dialog der de kan lufte dykkar tankar, idear og eventuelt spørsmål, og drodle rundt kva vi kan få til saman.

  • Tid og stad: Onsdag 15. juni kl. 18.00. Røde Kors-huset, Gamle Engesetvegen 7, 6102 Volda

Vel møtt!

Møteplan:

  • 18.00 - Hornindal Frivilligsentral, Kulturavdelinga i Volda ønskjer velkommen
  • 18.15 - Volda læringssenter, Informasjon om status flyktningar
  • 18.25 - Volda Røde kors, informasjon og planar framover
  • 18.35 - Volda Frivilligsentral, Sommarprogrammet og BUA
  • 18.45 - 19.30 - Open dialog og idemyldring

Kontakt

Kristine Sofie Orheim Hansen
dagleg leiar Hornindal Frivilligsentral
E-post
Mobil 41 51 28 13