Frivilligprisen 2022 gjekk til VTI fotball

Frivilligprisen 2022 gjekk til VTI fotball

Bilde av VTI fotball representert ved styreleiar Eivind Dahl, Rønnaug Myklebust og Hege Humberset - Klikk for stort bilete Volda kommune

Frivilligprisen 2022 gjekk til VTI Fotball. Prismottakar er ein god representant for det frivillige arbeidet i kommunen, dei femnar om mange og legg ned eit stort tal dugnadstimar kvar veka, står det i grunngjevinga til juryen.

Statuttane for frivilligprisen for Volda kommune seier:

  • Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal foreining eller gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet
  • Ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats, skal prisen synleggjere eigenverdien og samfunnsverdien av denne
  • Mangfald og breidde i den frivillige innsatsen, med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur, skal over tid gjenspeglast i eit tilsvarande mangfald mellom prisvinnarar
  • Prisen kan gjevast på grunnlag av ein person, lokal foreining eller gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt

Juryen sin uttale:

Prismottakar er ein organisasjon som gjennom mange år har vore viktig i bygda vår. Den femner vidt og har tilbod til innbyggjarar i eit stort aldersspenn. Den bidreg til bulyst, trivsel, samhald, meistring og til folkehelsa vår. Dei frivillige i organisasjonen gjer ein stor innsats, særleg for born og unge. Dei tilbyr aktivitetar der dei legg vekt på gode haldningar, respekt, engasjement, inkludering og deltaking. Dette er eit viktig bidrag til å sikre gode oppveksvilkår.

I ei tid då vi ser at det er utfordrande å vere barn og unge, der utanforskapet aukar, er det viktig at vi har allsidige arenaer og vaksne som stiller opp og skaper aktivitet.

I år er det frivilligår, og vi set ekstra fokus på all den frivillige innsatsen som vert gjort i landet, i kommunane og som lokalmiljøa er så avhengige av. Vi vel å gi prisen til denne organisasjonen, som ein representant for dei mange små og store organisasjonar i kommunen vår som samlar enkeltpersonar til frivillig innsats og i fellesskap evnar å nå ut til så mange. Denne organisasjonen representerer eit internasjonalt uttrykk, som sameinar menneske på tvers av språk og kulturar. Prismottakar er ein god representant for det frivillige arbeidet i kommunen, dei femnar om mange og legg ned eit stort tal dugnadstimar kvar veke. Det er i styrearbeid, i anleggsdrifta, ved arrangement og som leiarar og trenarar.

Denne organisasjonen har lagt til rette for fleire generasjonar barn og unge; for fysisk aktivitet, tevling, meistring, samhald og fellesskap.  De har aktivt motverka utanforskap gjennom inkluderande haldning og konkrete tiltak for barn og unge som elles lett ville ha falle utanfor fellesskapen.  Slik innsats vert utøve av mange einskildpersonar i organisasjonen, som evnar å sjå den einskilde. 

Det er mange av desse einskildpersonar som kvar for seg hadde fortent prisen, men i Frivilligåret 2022 har juryen valt å tildele denne utmerkinga til heile organisasjonen, og då med vekt på nettopp evna de har vist til inkludering, det å skape fellesskap, og hylle den rolla de har hatt i lokalsamfunnet gjennom svært mange år.

Frivilligprisen 2022 går til VTi Fotball, representert ved styreleiar Eivind Dahl

 

Juryen for Frivilligprisen 2022

Sølvi Dimmen, ordførar

Sverre Leivdal, varaordførar

Rececca Riise Bjerknes, leiar Tenesteutval oppvekst og kultur

Kari Aslaug Hasle, nestleiar tenesteutval oppvekst og kultur