Frivilligprisen til forsamlingshuset Samhald i Austefjorden

Frivilligprisen til forsamlingshuset Samhald i Austefjorden

Bente Engeseth   Frivilligprisen 2020

Årets frivilligpris går til eit bygdelag. Forsamlingshuset Samhald i Austefjorden er, til liks med dei mange bygdehus kring i kommunen både bygt og drive på dugnad. Samhald i Austefjorden har noko i tillegg, eit støttelag.

Primus motor, Magny Fylling mottok prisen på vegner av laget.

  • Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal foreining eller gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet
  • Ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats, skal prisen synleggjere eigenverdien og samfunnsverdien av denne
  • Mangfald og breidde i den frivillige innsatsen, med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur, skal over tid gjenspeglast i eit tilsvarande mangfald mellom prisvinnarar
  • Prisen kan gjevast på grunnlag av ein person, lokal foreining eller gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt

Alle i bygda nyttar Samhald.  Mange nyttar det til ulike markeringar, som barnedåp, konfirmasjon og åremålsdagar.  Alle i bygda nyttar det til minnestund for sine kjære.  Det er ein kultur i Austefjorden å samlast til minnestund på Samhald etter at seremonien i kyrkja er over. Då står Samhald støttelag klare med fint dekka bord, brennsnut, kaffi og kaker, syter for forarbeidet, sjølve stunda og opprydding.  Samhald støttelag har gjennom alle år vore drive av kvinner, og er det framleis. Dei som stiller opp gjer det heilt og fullt på dugnad.  Inntektene som kjem av innsatsen, går til drift av forsamlingshuset Samhald.

Primus motor gjennom mange år er Magny Fylling, som tek ansvar for å organisere dugnaden og skaffe folk.  Er ho ikkje på arbeid den aktuelle dagen, er ho sjølv med. 

Årets frivilligpris går meir til ein bygdeskikk enn til ein namngitt prissvinnar.  I ei tid då fellesskap forvitrar, bygder misser møtestadar og fellesfunksjonar, ynskjer prisjuryen å heidre den viljen og omtanken bygdefolket imellom som ligg bak denne årelange innsatsen.  Samhald støttelag representerer ein unik bygdekultur– som forslagsstillar uttrykkjer det: det er bygda på sitt beste. 

Vi vil be Magny Fylling ta imot prisen på vegner av Samhald støttelag.

 

I Juryen for Frivilligprisen

Sølvi Dimmen                        Sverre Leivdal                        Cecilie Rørstad