Gamle Engesetvegen permanent stengt

Gamle Engesetvegen permanent stengt

Kart som viser Gamle Engesetvegen - Klikk for stort bilete

Gamle Engesetvegen vart i dag stengt mot Engesetvegen. Stenginga er permanent og er del av reguleringsplanen som styrer utbetringa av Engesetvegen.

Vegen var frå før skilta med forbod mot gjennomkøyring. Med stykkevise stengingar i høve pågåande arbeid med Engesetvegen, har ikkje forbodet vore effektivt. Grunna stenging av nedre del av Engesetvegen, mellom rundkøyring og Severinhaugen, for både gåande og køyrande, er no Gamle Engesetvegen skilta som alternativ rute for fotgjengarar. Det vart fare for tryggleiken til dei mjuke trafikkantane på Gamle Engesetvegen, då her var mykje brot på gjennomkøyringsforbodet, i tillegg til høg fart. Volda kommune måtte då reagere umiddelbart med å fysisk stenge vegen.

Reguleringsplan, slik det vert når arbeidene med Engesetvegen er ferdigstilt - Klikk for stort bileteReguleringsplan, slik det vert når arbeidet med Engesetvegen er ferdigstilt.