Landbrukskontoret
Møre og Romsdal bonde og småbrukarlag har fått midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal til gjennomføring av prosjektet “Gården som ressurs”. Dette prosjektet har som mål å stimulere til auka samarbeid og engasjement mellom lokale gründarar.
Samlinga skal bidra til å lyfte fram dei som går med tankar om å utvikle noko på eigen gard og bidra til kontakt med støtteapparatet.
Dato: Tysdag 19. november 2024
Tid: kl. 15.00–18.00
Stad: Josybuda på Kalvatn
Har du ein draum eller idé om bruk av garden din, er denne samlinga perfekt for deg!
Vi oppmodar deg som driv eller ynskjer å starte med ny næring på garden, til å delta.
Program
- Velkommen.
- Vertskapet på Josybuda fortel om korleis dei har brukt garden som ressurs
- Kort presentasjonsrunde rundt bordet
- Fylkesstrategi for auka matproduksjon i MR og orientering om hoppid-ordninga – Marie Teigland, Statsforvaltaren i MR
- Info frå hoppid og kommune. Jordbrukssjef i Volda og Ørsta Liv Bente Viddal
- Cecilie Rørstad - «Hjørundfjordull – ei forteljing om sau, ull, kjærleik og fin utsikt»
- Matservering – Hjortegryte
- Vibeke Evensen - Dagleg leiar for lokalmatutsalet i Sykkylven. Ho starta saman med Petter Velle opp Noregs første «Reko-ringen» i Sykkylven i 2017. Ho vil presentere resultatet om eit felles lokalmatutsal
- Workshop med tema som er meldt inn v/ Marie og Vibeke
- Oppsummering, avslutning og vel heim
GRATIS – Samlinga er gratis, men vi må ha påmelding på grunn av planlegging av matservering.
Samlinga er ope for alle!
Påmelding
Send påmelding til: oddhild.kalvatn@orsta.kommune.no innan 12. november.
Hugs å melde ifrå om evt. matallergiar og kva tema du kunne ynskje deg til workshop på slutten av arrangementet.
Arrangørar:
Landbrukskontoret Ørsta Volda
Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Vel møtt!