Gjer som ordføraren - førehandsrøyst, du og! Førehandsrøystinga i Volda er kome godt i gang, og held fram til fredag 8. september kl 16.00. Vi har lagt godt til rette for at alle som ønskjer å førehandsrøyste, har høve til dette. Velkomen skal du vere! Valstyret i Volda har lagt opp til at det skal vere lett å førehandsrøyste, med utvida opningstider torsdag 31. august, laurdag 2. september og mandag 4. september- torsdag 7. september. I tillegg er det mogleg å førehandsrøyste på Smia i Hornindal mandag 28. august. Her kan du førehandsrøyste Stad Dato Opningstid Samfunnshuset 21.08.-30.08. og 01.09. kl 9-15 Kommunehuset Smia 28.08. kl 12-18 Samfunnshuset 31.08 kl 09-18 Samfunnshuset 02.09. kl 11-14 Samfunnshuset 04.09.-07.09. kl 09-18 Samfunnshuset 08.09. kl 9-16 Ta med legitimasjon, og gjerne også valkortet. Du kan førehandsrøyste i den kommunen det passa best for deg. Røysting på helse- og omsorgsinstitusjonar Røysting på helse- og omsorgsinstitusjonar Stad Dato Tidspunkt Hornindal omsorgssenter 28. august 10:00-11:00 Folkestadtun 5. september 13:00-14:00 Volda omsorgssenter, kafeen 6. september 11:00-13:00 Fjordsyn 6. september 13:15-14:15 Volda sjukehus 7. september 13:00-15:00 Publisert 17.08.2023 14:54 Sist endra 08.03.2024 08:48