Gladmelding om breiband til 15 nye husstandar

Gladmelding om breiband til 15 nye husstandar

Ordførar Sølvi Dimmen og Paul Ottar Tornes som er digitaliseringsrådgjevar sit ved bøtebordet på ordføraren sitt kontor og er glade for å fortelle om tilsegn for tilskot til breibandsutbygging. - Klikk for stort bilete Volda kommune

Volda kommune har fått tilsegn om om tilskot til bredbåndsutbygging på minst 100 megabit til 15 husstandar i Åmelfotdalen, på Eidset og Finnes-Kalnes.

Støtta frå fylkeskommunen, den er på ca 1,2 millionar. Volda kommune går inn med eigenfinansiering på 100.000, og Tussa, som vann konkurransen om disse utbyggingane, går sjølv inn med 500.000 kroner. Dette vil altså gi 15 nye husstandar høghastigheitsbreiband. Gladmeldinga kom frå Møre og Romsdal Fylkeskommune 3. februar 2023.

 

– Kvar husstand får faktisk 86 000 kroner i offentleg støtte, og det er høgt samanlikna med tidlegare år, då det har lege på rundt 20 000, seier ordførar Sølvi Dimmen. – Men det er nok fordi at det skal gje moglegheit for utbygging også der det er lengst mellom husa. Og det kjem som ei satsing frå regjeringa og stortinget som ønsker at dette skal vere eit tilbod til alle i heile landet.

– Sjølv om vi no har fått tilsegnet, vil utbygginga ta litt tid. Vanlegvis har det tatt eit til eit og eit halvt år, så vi har enda litt tid igjen til å gle oss til det som skal skje, – men Tussa har levert godt tidlegare og vi har tru på at dei vil vere så effektive som mogleg.

Den vidare breibandsatsinga i Volda

Der er framleis nokon som lurer på dette her og ikkje har fått fiber inn i heimen sin. Kva kan du seie om dette Paul Ottar, spør ordføraren.

– Ja, det er heilt rett. Vi har ein temaplan for breiband og ekomnett (lektronisk kommunikasjonsnett)  i Volda kommune, som gir føringar for korleis vi som administrasjon skal jobbe for å bygge ut eller få utbygd breibandsnett i kommunen, fortel Paul Ottar Tornes, digitaliseringsrådgjevar i Volda kommune.

– Til dømes Nautvika og Rossetvika fekk ikkje støtte fordi at dei kunne få mobilt nettverk eller mobilt breibandsnett på over 30 MB. Men no har det skjedd ei endring på den nasjonale ordninga, så dei 30 MB er ikkje er sett som grense som det lågaste lenger. No er det det lågaste 100 MB.

Så det kan bety at både Nautvika, Rossetvika og andre område kanskje kan vere mogleg å søke midlar for i runda som kjem i 2023. Tornes held fram og seier at breibandsordninga er strengt regulert, så vi kan ikkje garantere at vi lukkast med det.

– Den kommersielle marknaden vil ha mykje påverknad i forhold til det. Om til dømes ein nasjonal aktør lovar å bygge ut 100 MB innan 3 år, så har vi ikkje lov å søke der.

– Så det skal vere sagt at denne ordninga her gir ingen garanti for fiber, men det er det vi jobbar for å få til. Det kan bli ein mobil teknologi som 5G, for eksempel, som vil kunne gi over 100 MB til kvar enkelt bustad.

Om søknadsprosessen

Søknaden blir utarbeida av kommunen i samarbeid med grendalaget og fylkeskommunen.

– Så vi tek kontakt med alle, så utarbeider vi søknad seier Tornes.

– Vi gler oss, dette er bra og Paul Ottar gjer ein strålande jobb med å søke om midlar, seier ordførar Sølvi Dimmen. Vi står på og no gratulerer dei som i denne omgangen kom inn under ordninga.