Arbeidsmiljøutvalet i Volda (AMU) kommune var svært interessert i å få vite korleis avdelinga fekk så gode resultat. I byrjinga av mai inviterte derfor arbeidsmiljøutvalet i kommunen STIM-gruppa ved Piletunet og Kleppetunet på Volda omsorgssenter for å få ei orientering om deira kvardag og utfordringar knytt til avdelinga.
I Volda kommune har kvar avdeling si eiga STIM-gruppe. STIM-gruppa er sett saman av leiar, tillitsvald og verneombod på arbeidsplassen, og har Samarbeid, Tryggleik, Inkludering og Miljø som agenda.
STIM-gruppa på Pile-/Kleppetunet peikar på følgande moment for at seksjonen har lykkast i å etablere godt arbeidsmiljø og å ha lågt sjukefråver:
- Seksjonen set miljøarbeid og tilpassa aktivitet høgt
- Personalgruppa har fokus på godt samarbeid, samhald og kommunikasjon både på jobb og på fritida
- Openheit og rausheit for både tilsette, pasientar og pårørande
- Dei tilsette har pasientane i fokus
- Dei pårørande blir inkludert i kvardagen, og det blir arrangert pårørandetreff kvart halvår
- Leiar er tett på, og tilgjengeleg for tilsette, og ligg i forkant av arbeidet i avdelinga
- Leiar har tett oppfølging i krevjande saker, og individuell oppfølging etter behov
- Leiar ser sine tilsette, verdset deira kompetanse, styrkar, og viser tillit
Arbeidsmiljøutvalet (AMU) takkar for besøket og ynskjer leiar, STIM-gruppa, dei tilsette og avdelinga lykke vidare med det gode arbeidet.