På kurset får deltakarane lære om:
- skodespel framfor kamera
- skrive historier
- redigere videoar
- filme og spele inn lys
- visuell design
DIGGA sin visjon er å tilgjengeleggjere aktivitetar innan audiovisuell kunstformidling for born og unge med interesse innan digitale plattformer som til dømes YouTube, ulike podcast-appar og TikTok. Aldri før har born og unge produsert innhald på det nivået som det gjerast no i dag med internett og sosiale medier. Audiovisuell kunstformidling er ein av dei mest populære aktivitetane som born og unge driv med utanfor skuletida. DIGGA vil bevisstgjere sine kursdeltakarar på korleis dei kan skape innhald med tema som har fokus på samhold, likeverd, miljø og samfunn. Kurset går føre seg på engelsk, eit val som heng saman med DIGGA sine verdiar om å bygge bru mellom born og unge i Noreg og i utlandet. DIGGA erfarer også at mange born og unge føretrekk å nytte engelsk som språk når dei skapar eige audiovisuelt innhald for digitale plattformer.
Pris: Gratis
Instruktørar: Filip Glezko og Sverre Mollan frå DIGGA
Utstyr: DIGGA stiller med utstyr
Mat: Kursdeltakarar må ta med matpakke
Tidspunkt: 20. – 24. februar kl. 10-17
Visning og premierefest: 25. februar kl. 18-19.30
Påmelding til line.malvik@volda.kommune.no
Les meir om DIGGA her: https://digga.app/