Grensesprengjande kommunikasjonsprosjektStatsforvaltaren i Møre og Romsdal og statsforvaltaren i Innlandet har gitt tilskot, høvesvis 200 000 og 100 000, til eit kommunikasjonssamarbeid over fylkesgrensene. Dei involverte samarbeidspartane er Volda kommune, Ulstein kommune, Skjåk kommune og Høgskulen i Volda.Kommunane står overfor store samfunnsutfordringar knytt til demografisk utvikling, sosioøkonomiske endringar og digitalisering. Kommunen som verksemd har auka i kompleksitet. Det er viktig at den administrative og politiske leiinga i kommunen har kompetanse og ferdigheiter i å kommunisere fakta og gjere faktainformasjon lettare tilgjengeleg for ulike målgrupper. Gjennom samarbeid om eit FOU-prosjekt med Høgskulen i Volda skal kommunane få tilgang til fagleg opplegg slik at kommunane er i betre stand til å leggje grunnlag for forbetra informasjonsflyt, auke bevisstheit om demokratiske prosessar og fremje deltaking. Volda kommune Fagleg programHøgskulen i Volda vert bedt om å utarbeide eit opplæringsprogram for kommunane med følgjande hovudtema:Bruk av kunstig intelligens i kommunikasjonsprosessenDefinering av målgrupperVal av kanalarPresentasjon og korleis få fram bodskapenTeori om kommunikasjonMedietrening FOU-prosjektSamarbeidskommunane vil vere pilotar for opplæringsprogrammet, og Høgskulen i Volda vil utarbeide programmet i samarbeid med dei tre samarbeidskommunane. Siktemålet er at når pilotkommunane har testa programmet, kan det tilbydast andre kommunar. Samarbeidskommunane vil søkje tilskot til utarbeiding av programmet. Publisert 09.10.2024 08:31 Sist endra 09.10.2024 08:31