Handlingsplan mot vald i nære relasjonar for kommunane på Sunnmøre

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar for kommunane på Sunnmøre

Kommunestyret har godkjent handlingsplan mot vald i nære relasjonar i møte 26. mai. 

Planen er utarbeidd gjennom eit samarbeid mellom alle kommunane på Sunnmøre og gjeld for perioden 2021–2025.

Den tek utgangspunkt i nasjonale føringar og skal gi felles retning i kommunane sitt arbeid mot vald i nære relasjonar.  Formålet er å sette vald i nære relasjonar på dagsorden. Auke kunnskapen og handlingskompetansen hos dei tilsette, førebygging og samordne den førebyggjande innsatsen.

Det er også viktig at innbyggjarane vert kjent med denne planen. Vald kan vere i ulike former – fysisk, psykisk, seksuell, økonomisk, negativ sosial kontroll, digital mv.

Nasjonale statistikkar viser at vald i nære relasjonar er eit samfunnsproblem. Alle som lever med vald inngår i ei sårbar gruppe. Alle tilsette i kommunen vil gjere seg kjent med handlingsplanen.

Planen skisserer tiltak som vi må arbeide med å setje ut i livet for vere skodde til møte utfordringar knytt til vald i nære relasjonar og førebyggje mot dette.

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar for kommunane på Sunnmøre, vedtatt i KST 26.05.21 (PDF) (PDF, 3 MB)