Har du møblar som ungdomsklubben kan få?

Har du møblar som ungdomsklubben kan få?

Ungdomsklubben i Volda satsar på gjenbruk og er ute etter brukte møblar.

Ungdomsklubben i Volda satsar på gjenbruk

— Vi er ute etter brukte møblar som er gode å sitje i og som er i god stand, seier Sander Aksnes Bjørkedal. Klubblokala treng fleire sofaar, sofabord og kanskje ein eller annan puff og nokre lenestolar. Samfunnshuset vart bygd på midten av 50-taler, så vi ønsker møblar med retro stil. 

Sander Aksnes Bjørkedal - Klikk for stort bileteSander Aksnes Bjørkedal, leiar for Volda ungdomsklubb. Volda kommune

Send oss gjerne eit bilete av møblar som er aktuelle å donere. Ta kontakt med ungdomsklubben på dette nummeret: 90 12 54 31, eller send e-post til sander.aksnes.bjorkedal@volda.kommune.no.

Sander Aksnes Bjørkedal er tilsett i stillinga som leiar for ungdomsklubben. 

Sander har vakse opp på Bjørkedalen. No er han busett i Dalsfjorden, nærare bestemt på Aksneset, på familiegarden til kona si som han traff då han gjekk på Volda vidaregåande skule. Der gjekk han musikklinja. På fritida driv Sander med musikk, og han og kona spelar gjerne på basarar og andre arrangement rundt omkring. Dei spelar Country/Bluegrass, og har gjerne med seg gitar, bass og mandolin på oppdrag. Sander er også glad i natur og turar på fjellet.

 

Sander er utdanna sosionom ved Høgskulen i Volda og har arbeidd som miljøterapeut i bu og miljøtenesta på Nordfjordeid. Han har også vore fagkoordinator i barnebolig i Ecura bo og habilitering på Gjøvik.