Har du oppdaga gatelys/veglys som ikkje virkar?

Har du oppdaga gatelys/veglys som ikkje virkar?

No når det går mot mørkare tider er det viktig at alle leitar fram refleks og tek dei i bruk.  Dersom du oppdagar veglys som ikkje virkar, kan du melde inn sjølv på internett. 

Dersom du ser feil på gatelys eller at lys i stolpen ikkje virkar, kan du sjølv gi melding via internett. 

Link til feilregistrering: Meld inn feil på veglys / gatelys

Eviny Solutions AS har ei kartbasert løysing for feilmelding av veglys via internett der publikum sjølv registrerer melding om feil på veglys. 

Volda kommune har avtale med Eviny Solutions AS om drift av eksisterande veglys. 

Eviny Solutions AS har ansvar for å skifte ut pærer i armatur.  Av kostnadsmessige omsyn vert arbeidet med utskifting gjort samla og det kan føre til at stolpar vert ståande utan lys ei tid.

 

Oversiktskart over veglys  - Klikk for stort bilete Eviny Solutions AS

Når du går inn på den kartbaserte løysinga kan du fort sjå om feilen alt er meldt inn. 

Akkurat no er der nokre veglys i Kårstadvegen som er ute av drift. Feilen i Kårstadvegen er registrert og vil verte utbetra i løpet av september.