Har du tilgjengeleg bustad til flyktningar? Pexels.no Volda kommunestyre vedtok i møte 16.02.23 å busette inntil 140 flyktningar i 2023. Vi er difor igjen på jakt etter bustadar til flyktingar. Dersom du har ein eigna bustad, meld den gjerne inn til Volda kommune. Skjema for å melde inn ledig bustad Vi ser etter alle typar bustader, – i Volda sentrum, Hornindal, Austefjord eller andre stadar. Det treng med andre ord ikkje å vere i Volda sentrum. Vi vil helst ikkje ha rom i bufelleskap eller med delt kjøkken eller bad. Publisert 07.03.2023 11:32 Sist endra 18.07.2023 04:20