Haustfest på Volda omsorgssenter

Haustfest på Volda omsorgssenter

Frivillige i eldreomsorga har arrangert flott haustfest på Volda omsorgssenter, med levande musikk og nydelig mat frå kjøkkenet

Med seg hadde dei nokre av damene som er medlem av Kaffikos gruppa ved Fjordsyn og Trivselsgruppa i Eldreomsorga i Volda. Dei er også medlem av Røde kors Omsorg - engasjerte damer som er med rundt på dei ulike institusjonane i kommunen. Dei hjelper til med pynting og servering ved festane vi arrangerer.

Dei som var med på haustfesten var Karen Klepp, Kirsti Garnes, Randi Hjorthaug, Torill Gåsvik, Aud Aasen og Oddny Innerdal.

Tusen takk for det gode arbeidet de gjer!

Dei som var med på haustfesten, Karen Klepp, Kirsti Garnes, Randi Hjorthaug, Torill Gåsvik, Aud Aasen og Oddny Innerdal. - Klikk for stort bileteDei som hjalp til på haustfesten, Karen Klepp, Kirsti Garnes, Randi Hjorthaug, Torill Gåsvik, Aud Aasen og Oddny Innerdal. Frivillig i eldreomsorga

 

Musikkbandet Bellady laga god stemning på haustfesten - Klikk for stort bileteMusikkbandet Bellady laga god stemning på haustfesten. Frivillig i eldreomsorga

 

Haustfest på Volda omsorgssenter - fint pynta bord. - Klikk for stort bileteFint pynta bord. Frivillig i eldreomsorga
Haustfest på Volda omsorgssenter - smørbrødkake - Klikk for stort bileteSmørbrødkake. Frivillig i eldreomsorga
Haustfest på Volda omsorgssenter - smørbrødkake - Klikk for stort bileteSmørbrødkake. Frivillig i eldreomsorga
Haustfest på Volda omsorgssenter - musikkband - Klikk for stort bileteLevande musikk med Bellady. Frivillig i eldreomsorga

Vil du bli frivillig i eldreomsorga?

Ta kontakt med Janne eller Manuela, kontaktinformasjon finn du lenger ned på sida.

Som frivillig

får kurs, opplæring, ivaretaking, motivasjon og rettleiing.

Gjennom samtale og intervju saman med frivilligkoordinatorane vil ein finne ei god kopling etter fellesinteresse som fører til dobbel glede, ein vinn-vinn situasjon.

Kva kan du gjere som frivillig?

  • Bli kjent med pasient/brukar
  • Lese aviser eller bøker
  • Kafébesøk, konsert eller kino
  • Gå tur både inne og ute
  • Song, musikk eller liknande.

Du kan bli:

  • Aktivitetsvenn for ein person med demens
  • Turvenn
  • Sykkelvenn
  • Besøksbaby
  • Og mykje meir

Kven kan bli frivillig?

Alle som vil kan bli frivillig!

Ein treng ikkje vere tilknytt ein organisasjon for å kome på besøk. Ein kan kome som ein er, aleine eller saman med andre.

Felles for aktivitetane er at dei skal vere lågterskel og med fokus på positive opplevingar.

Kontakt

Janne Kaald Arntsen
sjukepleiar/ frivilligkoordinator, Karvestova
E-post
Mobil 91 11 12 76
Manuela Katharina Erlbeck
helsefagarbeidar Barstadtun og frivilligkoordinator Helse og omsorg
E-post
Mobil 96 83 07 22