Hei, kjenner du våre to frivilligsentralar i Volda?

Hei, kjenner du våre to frivilligsentralar i Volda?

Det er ingen tvil om at frivilligsentralane er positive tilskot til lokalsamfunnet, men lurer du på kva frivilligsentalane i Volda eigentleg driv med og kva oppgåver dei har? 

Kristine Sofie Orheim Hansen saman med Astrid Gjersdal, selfie-bilete tatt ute med eit tre i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteKristine Sofie Orheim Hansen, dagleg leiar i Hornindal Frivilligsentral saman med Astrid Gjersdal, leiar i Volda frivilligsentral. Volda kommune

Begge frivilligsentralane i Volda kommune har lang fartstid, begge vart etablerte i 1997, då som stiftingar. I dag er begge sentralane eigd av Volda kommune, med kontor høvesvis på Volda rådhus og Smia i Hornindal. Frivilligsentralane ligg under sektor samfunnsutvikling, og har to tilsette, kvar i 100% stilling i tillegg til innleigd ekstrahjelp m.a i BUA (utlånssentral).

Sentralane har det siste året gått gjennom ei omorganisering. Det er sett ned retningsliner for kva dei skal jobbe med, og det er etablert ei ressursgruppe.

Frivilligsentralane skal arbeide for:

  • god samhandling mellom kommune og frivillig sektor der det er naturleg
  • å ha god kunnskap om og oversikt over frivillig sektor og organisasjonslivet i heile kommunen
  • kunne rådgje lag og organisasjonar i søknadsprosessar, rapportering, organisasjonsarbeid og nettverksarbeid
  • å legge til rette for kurs for frivillige lag og organisasjonar etter ynskje og behov
  • koordinering av lågterskel møteplassar og aktivitetar for alle aldersgrupper (føresetnad er at desse ikkje vil vere i konkurranse med andre etablerte møteplassar)
  • å rekruttere, koordinere og formidle frivillige til ulike praktiske oppdrag
  • å kunne ta på seg oppgåver som kontaktfunksjon for 17. mai-komiteen i Volda sentrum, koordinering av Tv-aksjon, kommunal frivilligpris med meir
  • drift og finansiering av BUA-sentralane
  • etablering og oppfølging av frivilligforum
  • å søke midlar til ulike aktivitetar og tiltak

 

Frivilligforum

I 2024 jobbar frivilligsentralane med å etablere Frivilligforum, ein møtestad der frivillige lag og organisasjonar i heile kommunen kan drøfte felles saker og bli betre kjende. Vi jobbar også med ei samhandlingsplattform for Volda kommune og frivillig sektor (“frivilligplan”). Begge desse prosessane har som mål og virkemiddel å styrke samarbeidet mellom sentralane og det frivillige livet i Volda.

Ressursgruppe

Etter forskrift frå staten er det nyleg sett ned ei ressursgruppe, som skal fungere som eit rådgivande organ for dei tilsette i sentralane.  Dette for å sikre god kjennskap til og kontakt med frivillig sektor.  Gruppa består førebels av Gunnar Andenes, Bente Engeseth, Reidunn Otterdal og Mona Helen Kile, som samla har svært brei kontaktflate med Volda-samfunnet.

Ein føresetnad for at vi skal nå ut til alle krikar og krokar er at vi til ei kvar tid har oppdatert kontaktinformasjon for alle lag og organisasjonar, og dette er ei oppmoding:  Når årsmøtet er ferdig, send oss informasjon om nytt styre.

 

Ta kontakt med oss om du har noko på hjartet!