Heilskapleg innsatstrapp og bustadtrapp – som verkty for berekraftig lokasamfunn og kommunale tenester

Heilskapleg innsatstrapp og bustadtrapp – som verkty for berekraftig lokasamfunn og kommunale tenester

Vi får fleire eldre samtidig som vi vil mangle folk i helse- og omsorgssektoren. Finst det noko løysing på dette? 

Samling på Uppheim med presentasjon - Klikk for stort bilete Volda kommune

Tysdag 17. september var det felles fagdag og utviklingssamling i Volda kommune med fokus på framtidsretta løysingar.

Heilskapleg innsatstrapp og bustadtrapp i Volda kommune

Tysdag 17. september vart det arrangert felles fagdag og utviklingssamling i Volda kommune, der både politikarar, administrasjon, tilsette og brukarråd fekk høve til å diskutere og lære om korleis samfunnsendringar påverkar behova for omstilling i kommunen. Eit sentralt tema for dagen var korleis verktøya innsatstrappa og bustadtrappa kan nyttast for å sikre berekraftig utvikling i møte med eit aldrande samfunn og auka etterspurnad etter tenester.

Innsikt frå Agenda Kaupang

Agenda Kaupang presenterte ei grundig samanlikning av korleis Volda kommune prioriterer og organiserer tenestene sine, sett opp mot andre kommunar i landet. Dei la også opp til diskusjon blant deltakarane, der gode døme og praksisar frå andre kommunar blei trekte fram som inspirasjon for å løyse framtidige utfordringar.

Framtidige utfordringar for Volda kommune

Volda kommune står framfor store utfordringar innan helse- og omsorgstenestene dei komande 10–15 åra, på lik line med andre kommunar. Den eldre delen av befolkninga veks raskt, samtidig som også fleire yngre innbyggjarar treng helse- og omsorgstenester. Dette legg press på både ressursar og kapasitet.

Fleire oppgåver vert flytta frå spesialisthelsetenesta til kommunen, som dermed må overta ansvaret for tenester som tidlegare låg hos sjukehusa.

Økonomiske utfordringar

Kommunen må også balansere dei økonomiske rammene med det aukande behovet for arbeidskraft. Å finne smarte, berekraftige løysingar for å sikre forsvarlege tenester er difor avgjerande.

Heilskapleg innsats og bustadtilbod i Volda kommune

Agenda Kaupang la fram to viktige rammeverk – heilskapleg innsatstrapp og bustadtrapp – som skal bidra til å forbetre kommunen sine helse- og omsorgstenester, samt bustadtilbodet. Desse rammeverka er utvikla med tanke på å møte dei aukande behova på ein strukturert og effektiv måte.

Heilskapleg innsatstrapp

Dette verktøyet hjelper kommunen med å sjå tenestene på tvers av sektorane og prioritere innsatsen på dei ulike trinna i trappa. Modellen med innsatstrapp er ein ny måte å presentere kommunen sine tenester på, der ein bryt med silotenkinga og synleggjer samordna tenestebehov heilt frå tidleg alder og til dei eldre og andre som treng helse- og omsorgstenester. Rammeverket er organisert i fleire trinn, der kvart trinn representerer ulike nivå av innsats og ressursar. Dei lågare trinna fokuserer på førebyggjande tiltak og tidleg intervensjon, medan dei høgare trinna omfattar meir ressurskrevjande tenester. Ein viktig del av innsatstrappa er ressurskalkulatoren, som gjer det mogleg for kommunen å vurdere ulike løysingar og ressursbruk på ein effektiv måte.

Bustadtrapp

Bustadtrappa er eit verktøy for å planlegge og tilpasse bustadtilbodet i kommunen etter innbyggjarane sine behov. Trappa inneheld ulike typar bustader, frå private bustader med livsløpsstandard til institusjonar for langtidsopphald. Det er viktig for deg som innbyggjar å innrette deg slik at du kan vere aktiv så lenge som mogleg i livet. Dette heng saman med korleis du bur, at du bur rett i dei ulike livsfasane og kan tilretteleggje bustaden eller skifte bustaden når ein kjem i ei livsfase med hjelpebehov. For dei kommunale tenestene er målet er å førebyggje behovet for meir omfattande tenester ved å styrkje tilbodet i dei lågare trinna, og slik sikre at innbyggjarane får rett bustad til rett tid

Ei heilskapleg tilnærming

Agenda Kaupang understreka viktigheita av ei heilskapleg og tverrsektoriell tilnærming for å møte dei komande utfordringane. Gjennom å ta i bruk heilskapleg innsatstrapp og bustadtrapp som rammeverk, kan kommunen sjå areal- og bustadpolitikken i samanheng med tenesteutvikling. Volda kommune kan da betre tilpasse seg behova i befolkninga og sikre ei berekraftig utvikling av tenestene. Kommunen bør styrke samarbeidet mellom sektorane for at brukarane skal oppleve samordna tenester. Samordna samfunns- og tenesteutvikling tilseier at helse- og omsorgssektoren bør ha eit godt samarbeid med kommuneplanleggjarane.

Kommuneindeksen 2024

Volda kommune har gjort det særs godt i Kommuneindeksen 2024, som vart publisert av Agenda Kaupang. Indeksen rangerer norske kommunar basert på kostnader, tenestekvalitet og økonomisk styring, og Volda er blant toppkommunane i årets rangering.

Volda kommune har markert seg spesielt innan tenestekvalitet og kostnadseffektivitet. Dette er eit resultat av målretta arbeid med å drive meir effektivt og sikre at tenestene til innbyggjarane held høg kvalitet. Kommunen har mellom anna satsa på tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og brukarmedverknad, som har bidrege til å løfte tenestene. Sjølv om kommunen kjem bra ut på indeksen, viste Agenda Kaupang at Volda kommune ved å analysere behova og dimensjonere tenestene med rett kompetanse og på rett nivå i innsatstrappa, og kombinert med ein bevisst bustadpolitikk, kan drifte tenestene med om lag 40 millionar kroner lågare enn slik kommunen organiserer og driftar tenestene i dag.

Framtidige utfordringar

Volda er ikkje i ei særstilling. Norske kommunar generelt står framfor krevjande utfordringar. Ei aldrande befolkning,  auka utgifter til velferd finansiert av oljeinntekter utgjer sender Noreg ned på produktivitetsmålingane samanlikna med andre land. Dette i tillegg til høgare prioritering av klimatiltak og forsvar, krev omstilling og effektivisering i offentleg sektor framover. For å løyse desse utfordringane må kommunane satse på tidleg innsats, samarbeid på tvers av fagfelt og brukarmedverknad der ein får felles forståing for berekraftig endring.

Volda kommune ligg godt an, men utfordringane i framtida krev at vi fortsett å ha fokus på berekraftige løysingar og innovasjon i tenestene.

Det er viktig at vi vaknar

Kvar og ein må i større grad ta ansvar for eigen alderdom og helse. Å vere i aktivitet som fremjar god helse og tilpasse eigen bustad er viktige grep kvar og ein kan gjere.

Her kan du sjå opptak av fagdagen:

Presentasjon: Heilskapleg innsatstrapp og bustadtrapp i Volda kommune - Agenda Kaupang (PDF, 5 MB)

Presentasjon av Kommuneindeksen - Agenda Kaupang (PDF, 6 MB)

Faktaboks om kommuneindeksen:

Kommuneindeksen er eit verktøy som samanliknar norske kommunar ut frå tre hovudområde:

  1. Kostnader: Korleis kommunen forvaltar sine økonomiske ressursar.
  2. Tenestekvalitet: Korleis kvaliteten på tenestene som kommunen leverer, står seg.
  3. Finansar: Kommunen si evne til å handtere framtidige økonomiske utfordringar.

 

Kommuneindeksen er utvikla av Agenda Kaupang, som har hovudansvaret for analysen. Han måler effektiviteten og kvaliteten i norske kommunar si tenesteyting og økonomistyring. Indeksen er basert på tal frå KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering), og fokuserer på å samanlikne kommunar ut frå kostnader, kvalitet og finansar. Agenda Kaupang gjennomfører indeksen for å gi kommunane verktøy til å forbetre tenestene sine og effektivisere drifta. Indeksen har blitt gitt ut i fleire år, og i dei nyare utgåvene samarbeider Agenda Kaupang med Storebrand.