Informasjonsskriv frå Landbrukskontoret

Informasjonsskriv frå Landbrukskontoret

Les Landbrukskontoret for Ørsta Volda sitt informasjonsskriv for sommaren 2024. 

Informasjonsskriv nr. 2 - 2024 (PDF, 249 kB)

Vi ser sauar på beite i Lisjedalen i Hornindal ein fin sommardag. - Klikk for stort biletePå biletet ser sauar på beite i Lisjedalen i Hornindal ein fin sommardag i 2023. Volda kommune

 

Regionalt miljøprogram (RMP)

Det vert opna for søking 15. september med frist 15. okt. Det er lurt å leggje inn ei påminning om dette, då det ikkje
kjem varsel frå Landbruksdirektoratet på denne ordninga.

I forhold til tidlegspreiing av husdyrgjødsel oppmodar vi om å tømme gjødsellagera no før 2. slått, slik at ein kan nå tak i tilskotet for spreiing av all gjødsel før 10. august. 

Lenke til informasjon:  RMP informasjon (statsforvalteren.no) 

Driveplikt og jordleigeavtalar

Landbrukskontoret held fram arbeidet  med oppfølging av driveplikta. Etter jordlova har eigarar av eigedomar med
jordbruksareal driveplikt i heile eigartida. Med jordbruksareal meiner ein dyrka jord og innmarksbeite. Vi sender ut brev til dei som ikkje søkjer produksjonstilskot eller der vi ikkje har registrert jordleigeavtale. Dersom du har signert jordleigeavtale som vi ikkje har fått kopi av, ber vi om å få den tilsendt.

Vi gjer folk merksame på om at ei avtale under 10 år ikkje er i tråd med regelverket. Desse må det evt. søkjast om dispensasjon frå regelverket på.

SMIL-tilskot

I skrivande stund er det ledige midlar i  Volda og Ørsta. Det er igjen 20 000 kroner i Volda, og ca 200 000,- kroner i
Ørsta. Ta gjerne kontakt for planlegging av søknad eller tiltak ein vurderer å søkje på. Dersom ikkje midlane vert brukte, vert dei omfordelte til andre kommunar i fylket. Vi set neste søknadsfrist til 15. august.

Retningslinjer for SMIL Lenke til søknadsskjema

Drenering

For tida har vi att 200 000,- kroner for Volda, og omlag 100 000,- kroner for Ørsta. Vi tek i mot søknader fortløpande. Prinsippet fyrste mann til mølla gjeld.

Dyr av bevaringsverdig rase

Hugs å melde desse inn i god tid i husdyrregisteret før telledatoen 1. oktober. Søknadsfristen for produksjonstilskot er 15. oktober. 

Dette er aktuelt for:

Storfe: Må vere registrert i Kuregisteret ved Norsk genressurssenter.
Sau: Må vere registrert med låst rasekode i Sauekontrollen.
Hest: Må vere stambokført (rasegodkjent) og ha fått utstedt hestepass.

 

Føring av beitejournal

Vi kjem med oppmoding om å ha oppdatert beitejournal over sleppte og sanka dyr på utmarksbeite. Satsane for tilskot til dyr på utmarksbeite har vorte auka ein del dei siste åra. Det er difor viktig å kunne dokumentere bruken av
utmarksbeite ved ein evt. kontroll frå forvaltninga og for eigen del.

 

Endring av areal før søknad om produksjonstilskot

Ta kontakt med landbrukskontoret og gje oss beskjed snarast mogleg dersom det er behov for endring i gardskart, då fristen for retting i kart er 15. september.

 

Utvalt kulturlandskap – Hjørundfjorden og Norangsdalen Areal- og beitetilskot

I 2024 har vi kr 430.000 som skal betalast ut til areal- og beitetilskot. Arealtilskotet er på kr 100 pr daa dyrka

mark, i det som er definert som A-område i UKL. Beitetilskotet blir bestemt av tal dyr på beite, og vi anslår at tilskotet blir om lag som i 2023. Dette er ei søknadsbasert ordning, som betyr at alle må sende inn søknad kvart år med frist 15. september.

Ny medarbeidar på kontoret

Guro Sterud Stutlien slutta hjå oss i mai, og vende heim til Vest-Torpa. Vi ynskjer ho lukke til vidare!

26. august får vi ny medarbeidar, Emma Høie Kjøde. Ho har teke bachelor i agronomi ved Blæstad. Velkommen skal ho vere!

Feriestengt veke 28 og 29

Kontoret vert feriestengt i veke 28 og 29.


– Dei beste ynskjer for sesongen til alle dyktige produsentar – vi kan vere stolte av landbruksnæringa i kommunane våre, skriv dei tilsette på landbrukskontoret Ørsta og Volda.


Nyt sommaren og naturen!


God sommarhelsing frå Liv Bente, Børild, Jan-Endre, Peder og Oddhild