Informasjonsskriv frå Landbrukskontoret

Informasjonsskriv frå Landbrukskontoret

Landbrukskontoret Her finn du informasjon om søknadsfristane for ulike tilskotsordningar, korleis du søker og anna informasjon frå Landbrukskontoret.

Produksjonstilskot

Dersom du driv vanleg jordbruksproduksjon er det to viktige fristar å hugse til du skal søke om produksjonstilskot.

15. mars er fristen til søknad for føretak med husdyr, med telledato 1. mars.

15. oktober er fristen til søknad for husdyr- og planteprodusentar, og tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

Ein kan endre opplysningar i søknaden innan 14 dagar etter søknadsfristen.

I år er også ei ny ordning der ein framleis kan levere søknad innan 14 dagar etter søknadsfristen, men tilskotsutbetalinga reduserast med 1000kr kvar dag ein er over fristen.

Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket

Sjølv om fristen gjekk ut 1. februar, er det endå SMIL-midlar att og vi oppmodar å søke dersom du har gode planer om tiltak. Søknadane vert handsama fortløpande, så det gjeld å vere tidleg ute.

Søknadsskjemaet er elektronisk, og du finn informasjon om korleis du søker i skrivet frå Landbrukskontoret nedst på sida.

Endringar i gardskart

Hausten 2019 gjennomførte Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) periodisk vedlikehald for Volda og Ørsta kommunar, noko som vert gjort kvart femte til sjette år.

Vedlikehaldet som NIBIO har utført gjer at mykje som tidlegare var registrert som innmarksbeite no er endra til skog, i tillegg til mange andre rettingar.

Derfor ber vi om at du ser over gardskarta for eigd og leigd jord, og melder i frå til Landbrukskontoret om du er usamd i klassifiseringa som er gjort.