Informasjonstavle ved gjestebrygga i sentrumshamna

Informasjonstavle ved gjestebrygga i sentrumshamna

informasjonstavle montert ved gjestebrygga i sentrumshamna - Klikk for stort bilete Torgeir Stensø Ny flott informasjonstavle er på plass ved gjestebrygga i Volda sentrum.

Som del av tiltaka i sentrumsprosjektet i Volda er det no utarbeidd eit kart som vert presentert på ei ny informasjonstavle montert ved gjestebrygga i sentrumshamna. På tavla kan ein orientere seg om kor viktige bygningar og stader ligg; som Haualeitet, Kometland, Volda stadion, Årneset, skisenteret, sjukehuset, rådhuset, Volda Campus Sparebank1 Arena, ridehallen, vidaregåande skule, Andaneset friluftsområde for å nemne nokre.

Det er også lagt inn informasjon frå ei studentoppgåve; «frå fjord til fjell» som viser kor ein på enklaste måte kan finne vegen frå sentrum til Rotsethornet, Melshornet og Niven/Ring.

Kommunen har fått utarbeidd ein eigen visuell profil med fontar, fargar og symbol til bruk i Volda sentrum. Denne tavla er først ut med å nytte desse.