I perioden 15. mai til 4. juni gjennomførte Volda kommune KS sin innbyggarundersøking frå KF BedreKommune. Undersøkinga blei sendt ut til alle innbyggarar som fyller 18 år i løpet av 2023 eller som er eldre, som var folkeregistrert i Volda kommune. Det er første gong Volda kommune gjennomfører ei slik undersøking.
Undersøkinga blei gjennomført digitalt, og dei som opplevde det som vanskeleg å fylle ut undersøkinga digitalt, blei oppmoda om å ta kontakt med servicekontoret for å få hjelp. Svarprosenten var på 18%, medan gjennomsnittleg svarprosent for landet som heilheit er 20% når det gjeld innbyggarundersøkingar.
Undersøkinga var utforma med spørsmål der respondentane svarer på ein skala frå 1- 6, der 6 er "svært nøgd", og 1 er «svært misfornøgd».
Tabellen vider ei oppsummering av svara for dei ulike temaene, og gjennomsnittskåren for temaene i undersøkinga:
Gjennomsnittlig score pr tema - innbyggarundersøking
Endeleg rapport vil bli publisert på nettstaden til Volda kommune.