Interessekartlegging, intensjon om langsiktig leigeavtale

Interessekartlegging, intensjon om langsiktig leigeavtale

Hamna dagsenter driv mellom anna med vedarbeid Hamna dagsenter Volda kommune søker etter nye lokale til Hamna 20.

Hamna dagsenter er eit interkommunalt dagsentertilbod for Volda og Ørsta kommune. Volda kommune er vertskommune for tilbodet. Ved senteret er det pr d.d. tilsett 16 personar. Senteret er eit tilrettelagt arbeids- aktiviserings- og sysselsettingstilbod for personar med ulik grad utviklingshindring. Då kontraktstida for noverande leigeforhold på Hamna 20 går ut om ca eitt år, er ein no på søk etter nye lokaler. Arealet pr no består av mange rom i ulike storleikar, samla ca. 960 m². Dette gjenspeglar ca arealbehov, men avhengig av planløysing kan dette justerast noko.

Volda kommune annonserer behovet for eit sentrumsnært lokale for å halde fram med tenestetilbodet ein har i dag. Ein ser føre seg lyse og lettstelte lokaler med universell utforming. Lokala bør helst vere på bakkeplan. Om ikkje på bakkeplan, må det vere tilgang til heis for å kome til lokala. I tilknyting til lokala/ leigeobjektet er det ynskjeleg med eit uteareal på ca. 100 m², der ein m.a kan drive med vedarbeid og andre uteoppdrag. I tilknyting til leigeobjektet må det vere tilgang til tilstrekkeleg parkeringsareal.

Kommunen ber aktuelle utleigarar melde interesse for å bli vurdert i kartlegginga. Dette gjer ein ved å sende ein epost til postmottak@volda.kommune.no, og merke den med saknr: 22/2663.

Frist for å melde interesse er 14.08.22.