Invitasjon til samling med Volda Frivilligforum

Invitasjon til samling med Volda Frivilligforum

Volda Frivilligforum inviterer til ny samling 3. mars kl. 18.00–21.00. Vi skal servere kveldsmat, difor er det påmeldingsfrist 25. februar.

Kristine Sofie Orheim Hansen vert for frivilligforum - Klikk for stort bileteBilete frå førre samling og Kristine Sofie Orvik Hansen, leiar av Hornindal frivilligsentral. Volda kommune

Velkommen til samling

Volda frivilligforum er ein samhandlingsarena for frivillig sektor i Volda kommune. Frivilligforumet har som målsetting å styrke frivillig sektor som samfunnsaktør, og betre samhandlinga mellom lag og organisasjonar og mellom kommunen, frivillig sektor og næringslivet. Vi arrangerer fire møter i året der vi set aktuelle tema på agendaen. 

Vi ønskjer velkommen til årets første møte, der temaet er beredskap. Eit høgaktuelt tema som naturleg fell inn i Totalforsvarsåret 2026. 

DATO: 3. mars 2026 
TID: 18.00 – 21.00 

STAD: Røde Kors-huset, Gamle Engesetvegen 7

  • Program: 

    • Velkommen v/ordfører Sølvi Dimmen
    • Statsforvalteren i Møre og Romsdal, Gunnhild Anett Naas, Beredskap i frivillig sektor
    • Volda Røde Kors deler av sitt beredskapsarbeid 
    • Beredskapskoordinator i Volda kommmune, Sonja Håvik, informerer om kommunen sitt beredskapsarbeid 
    • Gruppearbeid  
    • Kveldsmat og sosialt

Vi håpar du og andre frå din organisasjon vil vere med! Inviter gjerne også andre du tenkjer kan ha nytte av dette møtet.

Sidan vi serverer gratis kveldsmat ønskjer vi påmelding via lenkja under, innan 25. februar. 

Påmelding Volda Friviligforum 3. mars 2026 

 

Besøk frivilligsentralane si heimeside