Kari-Janne blir ny avdelingsleiar barn og familie

Kari-Janne blir ny avdelingsleiar barn og familie

Kari-Janne Ljones Kulø er tilsett som avdelingsleiar barn og familie. 

Kari-Janne Ljones Kulø, selfie inne i bil. - Klikk for stort bilete Privat

 

Fram til 31.12 vil Kulø vere prosjektleiar for etablering av ny seksjon for psykisk helse barn og unge. Saman med seksjon helsestasjon vil den nye seksjonen utgjere avdelinga som får namnet Barn og familie.

Kari-Janne Ljones Kulø er utdanna helsesjukepleiar med vidareutdanning i rettleiing og leiing. Ho har også teke ein master i meistring og myndiggjering. Kulø kjem frå stilling som einingsleiar i Hareid kommune.

Kulø vil truleg starte i stillinga i byrjinga av september.

Vi ynskjer Kari-Janne velkomen til Volda kommune, og ynskjer henne lykke til i det viktige arbeidet.