Kick-off for heiltidskultur 2023

Kick-off for heiltidskultur 2023

Bilde av tilsette som sit i sal framføre scene og får presentert informasjon om heiltidskultur. - Klikk for stort bilete Volda kommune

Torsdag 9. februar klokka 08.30 gjekk startskotet for prosjektet Heiltidskultur i Volda kommune.  

Volda kommune har høg andel deltidstilsette. Det ønsker vi å gjere noko med. Heiltidskultur-prosjektet starta opp 1. januar 2023, og gjeld for heile kommunen. Vi startar innsatsen i tenester der deltidsandelen er høgast; i helse og omsorg, skule, barnehage og reinhald.

Kvifor heiltidskultur?

Det er mykje forsking og kunnskap som syner at heiltidskultur og store stillingar vil gje stor positiv verdi, både for arbeidsgjevar, arbeidstakarar og framfor alt for innbyggjarar og brukarar.

Mykje deltid påverkar kvaliteten for brukarane. Heiltid vil gjere det lettare å utvikle gode fagmiljø og tilby tenester av god kvalitet. Heiltid er viktig for å rekruttere og behalde kvalifisert fagpersonell, og løyse rekrutteringsutfordringar for berekraftig tenesteutvikling.

Målgruppene for oppstartsmøtet er:

Alle STIM-gruppene i helse og omsorg, barnehage, skule og reinhald vert samla til KICK-OFF 09.02.23, der dei fremste forskarane på heiltid/deltid i Norge vil dele erfaringar og formidle forsking frå feltet. STIM-gruppene er samansett av leiarar, tillitsvalde og verneombod. I tillegg er folkevalde invitert.

*STIM står for: Samarbeid, tryggleik, inkludering og miljø.

 

Vi får besøk av fleire eksterne innleiarar:

Leif E. Moland

Forskar i Fafo innanfor område som innovasjon, organisasjonsutvikling, lean, arbeidstid, turnus, heiltids-/kompetansekultur, arbeidsmiljø og tenestekvalitet.

Kari Ingstad

Professor i sosiologi ved Nord universitet, Fakultet for sykepleie og hlesvitenskap. Ho er utdanna sjukepleiar, har hovudfag frå Universitetet i Oslo og ein doktergrad frå NTNU, Trondheim. Ho har forska på tema knytt til arbeid, arbeidsvilkår, arbeidstids-organisering, organisasjon, leiing, innovasjon, samhandling, heiltidskultur og turnus i ei årrekke, og held ofte foredrag om desse tema.

Geir Johan Hansen

Seniorrådgivar i KS-Konsulent og har sidan 2012 arbeidd med heiltidskultur og bemanningsleiing i nasjonale, regionale og lokale satsingar. I samarbeid med Leif E. Moland, har han leia fleire nettverk i den nasjonale satsinga «Sammen om en bedre kommune».

Jo Fiske

Spesialrådgivar i KS-Konsulent og arbeider spesielt med samhandling og korleis betre bruk av ressursar og kompetanse kan gi bidra i livsmeistringsoppdraget for barnet/eleven, og korleis kommunen kan lykkast med sine oppgåver ved å sørge for god kvalitet i alle ledd.

 

Program for "kick-off" 9. februar (PDF, 269 kB)