Kjenner du nokon som vil flytte heim til Sunnmøre?

Kjenner du nokon som vil flytte heim til Sunnmøre?

Einar Engdal/Grafia No har Volda kommune ledige stillingar både til mor og far. I tillegg har vi full barnehagedekning og eit godt skuletilbod.

Vi kan tilby ein koseleg stad å bu med mykje hjartevarme, i ei bygd med ei rivande utvikling. 

I Volda har vi eit levande lokalsamfunn med engasjerte innbyggarar, høgskule og sjukehus. Vi har eit rikt kulturliv og eit hav av fritidstilbod til både liten og stor. 

Omgitt av den innbydande og flotte sunnmørsnaturen, som byr på eit mangfald av moglegheiter, er det vanskeleg å ikkje trivast med å leve og bu i Volda.

Men for å kunne leve og bu ein stad må ein ha arbeid og gode tilbod til barna. 

Gode tilbod til barna har vi, og i tillegg har vi sjeldan hatt så mange ledige stillingar tilgjengeleg. Her finn både mor og far noko som freistar!

Vi søker etter: Lærarar, pedagogiske leiarar, barnehageleiarar, assisten/fagarbeidar barnehage, kommuneoverlege, avdelingsleiar helsestasjon, spesialsjukepleiar eller miljøterapeut med vidareutdanning, prosjektleiar vatn og avløp og fleire sjukepleiarar/vernepleiarar.