Kjernejournal er ei delingsplattform for viktig helseinformasjon. Storparten av innhaldet i pasienten sin kjernejournal vert direkte frå offentlege register. Det kan vere Folkeregisteret, Fastlegeregisteret, Reseptformidlar, Norsk Pasientregister og Difi- kontaktregister.
Alle innbyggarar i Norge har fått tildelt kjernejournal. Det er innført i alle sjukehus, legevakter og hjå dei fleste fastlegar. Kjernejournalen hentar inn besøksstatistikk frå spesialisthelsetenesta, og har tilgjengeleg 3 års historikk på utleverte legemidlar.
For enkelte pasientar er det fylt ut kritisk informasjon. Innbyggar kan sjølv registrere eigne opplysningar om næraste pårørande og viktige kontaktpersonar i helsetenesta. Innbyggar kan avgrense eller sperre delar av kjernejournalen og sjå logg på kven som har gjort oppslag.
Det er berre autorisert helsepersonell som sjukepleiar, vernepleiar, psykolog og lege som kan gjere oppslag i kjernejournalen. Det er obligatorisk opplæring. Tilsette skal ha eit arbeidstilhøve i kommunal helseteneste og logge seg inn via sikker pålogging. Tilsette skal berre gjere oppslag der det er eit tenestleg behov i høve til yting av helsehjelp. Førebuing og etterarbeid er også definert som helsehjelp.
Eksempel på naudsynt oppslag er innhald i kjernejournalen som fastlege, helsekontakter, pårørande, kritisk informasjon og ulike legemiddel.
Utfyllande informasjon er å finne på Norsk Helsenett sine sider: https://www.nhn.no/tjenester/kjernejournal/hva-er-kjernejournal samt på Helsenorge.no
Brosjyre over kjernejournal (PDF, 333 kB)