Laurdag 9. november brakar det laust i Volda campus Sparebank1 arena når finalen i FIRST® LEGO® League går av stabelen. Dette er ei av verdas største kunnskaps- og teknologikonkurransar for barn og unge i alderen 6-16 år. Føremålet er å inspirere framtidas ingeniørar, forskarar og problemløysarar.
Årets tema
Temaet for årets konkurranse er “SUBMERGED,” som lovar spennande og kreative løysingar frå dei unge deltakarane.
Arrangementet har fått ein formidabel oppsving i Volda, som er vertskommune for andre året på rad. Prosjektleiar Audun Hopland fortel at talet på lag har dobla seg sidan i fjor, noko som viser ein stor auke i engasjement. “Det er kjempespennande å sjå så mange lag som vil delta. Dette hadde ikkje vore mogleg utan den enorme støtta vi får frå Sparebanken Møre,” seier Cecilie Bjørlykke, som er avdelingsleiar skule. Samstundes trekkjer ho fram innsatsen frå eit heilt apparat av elevar, lærarar, foreldre og frivillige som tek på seg roller som kioskansvarlege og dommarar for å få dette store arrangementet til å gå knirkefritt.
Til årets konkurranse stiller 21 lag med kreative namn som Ocean Blues, Lego Aqua Bubble, i9tiativ for Endring, KorallEbra og AquaVillains.
Arrangementet startar med samla inntog kl. 09.30, etterfølgt av ei kort opning ved avdelingsleiar Cecilie Bjørlykke.
Den første presentasjonen startar 09.45, og den første robotkampen går av stabelen kl. 10.00. Det blir ein actionfylt dag som blir avlutta rundt kl. 16.00.
– Velkomen til Volda campus Sparebank1 arena laurdag 9. november kl. 09.30 for å oppleve spenninga og engasjementet som pregar FIRST® LEGO® League!
Volda kommune / Bente Engeseth
Tidlegare artikkel om First LEgo League 19.09.24