Kommunebarometeret – Volda på 23. plass

Kommunebarometeret – Volda på 23. plass

Rune Sjurgard, kommunedirektør, står utanfor rådhuset i Volda og smiler. - Klikk for stort bilete Volda kommune

Volda kommune er 23. best i landet i Kommunebarometeret – sektor barnehage er nest best, seier Rune Sjurgard, kommunedirektør.

– Kommunebarometeret er ei samanlikning av kommunane i landet basert på til saman 155 nøkkeltal innanfor 12 sektorar. Tala er henta frå offentleg innsamla statistikk og KOSTRA-databasen i SSB. Det er Kommunal Rapport som utarbeider Kommunebarometeret, forklarar Sjurgard. Formålet er å gi administrasjon og politikarar oversikt over korleis kommunane driv. Resultata gir ein indikator og moglegheit til å stille spørsmål og ikkje minst lære av andre kommunar. Det er nyttig å bruke dette barometeret som supplement til andre faktagrunnlag og analyser. Samtidig må ein vere medveten om at det kan liggje feilkjelder i feil på innmeldte data eller at det manglar data på enkelte indikatorar. 


– Oppdal toppar rangeringa, og Ulstein som tidlegare har ligge på topp, skorar framleis høgt. Dei er nummer 5 med fire plassar ned frå i fjor. Volda klatrar ein plass opp og kjem ut som nummer 23 av 356 kommunar. Ørsta har klatra to plassar opp og er rangert som 67. beste i landet, seier Sjurgard. 


– Det er ei innbyrdes rangering der ein samanliknar sektorane mellom kommunane. Kvar sektor har ulik vekting som påverkar den totale rangeringa til kommunen. Barnehagesektoren i Volda kommune er rangert som nummer 2 i landet. Grunnskulen kjem ut som nummer 28 og helse som nummer 36. Dette er dei sektorområda i  Volda som kjem høgast ut i rangeringa. Pleie og omsorg har gått noko ned frå i fjor og er rangert som nummer 108.  


– Relativt høg gjennomsnittsalder på leidningsnettet og vasslekkasjar er blant faktorane som gir låg skore.  På økonomi vert Volda rangert som nummer 300. Inntektene frå havbruksfondet er trekt frå for å få ei meir reell samanlikning av driftsøkonomien til kommunane. Korrigert netto driftsresultat ligg ein del lågare for Volda samanlikna med dei beste kommunane i landet. Volda har høg gjeldsgrad og høgt investeringsnivå som trekkjer ned på «økonomisektoren» i Kommunebarometeret. Kommunen har bygt opp disposisjon som dreg i positiv retning. Økonomien vert vurdert ut frå samla status på disposisjonsfond, driftsmargin og gjeldsgrad.  På kostnadsnivå kjem Volda ut med 171. plass. Indikatorane her viser kostnadsnivå korrigert for utgiftsbehov på tenestene samanlikna med dei andre kommunane i landet. Netto utgifter til grunnsuolen (korrigert for utgiftsbehovet) i Volda er på 16 925,28 kroner. Den nasjonale tendensen ligg på 17 798,42. Kommunane som driftar pleie og omsorg dyrast, ligg på ein kostnad på 44 262,62 – og det er etter at det er korrigert for ulikt utgiftsbehov.  Volda driftar denne sektoren med ein nettokostnad på 25 107,45 kroner. Justert for løns- og prisveksten var utgiftene i pleie og omsorgssektoren omtrent uendra i fjor. Barnehagekostnadane i Volda kommune ligg på 9 994,38. Tendensen for kommunane i landet er på 10 808,13 kroner. Nasjonalt utgjer kostnadane for barnevernsektoren 3 194,26 kroner per innbyggjar, etter at det er korrigert for løns- og prisvekst. Netto utgifter til barnevern i Volda er 2 009,2 kroner.


Rapporten er lagt ved slik at de kan lese meir om Volda og andre kommunar (PDF, 3 MB), avsluttar kommunedirektøren.