Forslag til planprogram for kommunedelplan for naturmangfald blir no sendt på høyring.
Måla for kommunedelplan for naturmangfald i Volda kommune er :
- Å få samle, systematisere, oppdatere og kartfeste kunnskapen om naturmangfald i kommunen i ein felles plan, som grunnlag for kommuneplanens arealdel og anna planarbeid.
- Å få auka kompetanse om status, verdien og forvalting av naturmangfald blant både administrasjon, politikarar og innbyggjarar.
- Å identifisere og få kunnskap om område som er særleg verdifulle for det biologiske mangfaldet.
- Å identifisere manglar i kunnskapen og foreslå vidare kartlegging og tiltak som betrar tilstand, verdi og funksjon for naturmangfaldet i kommunen.
- Å etablere en forpliktande tiltaksdel for å ivareta naturmangfaldet i kommunen.
Planen skal gjelde heile Volda kommune, inkludert sjøareal.
Kommunedelplan for naturmangfald skal utarbeidast som ein tematisk kommunedelplan og skal følgje krava i plan- og bygningsloven. Det er viktig at planarbeidet er godt forankra både i kommunen sin administrative leiing og med politikarane som skal vedta planen og avgjere korleis den skal brukast.
Vi ønsker innspel til planprogrammet, gjerne om kva planen bør innehalde og om det er ønskeleg å medverke til planprosessen.
Kommunedelplan for naturmangfald til høyring (PDF, 3 MB)
Høyringsinnspel sendast til postmottak@volda.kommune.no merkast med saksnummer 24/799.
Frist for å sende inn innspel er 16.12.2024.
Kartet under viser endringa i inngrepsfrie naturområde i Volda kommune i perioda 1988–2023. Grøne område viser naturområde som er definert som inngrepsfrie naturområde. Rosa område er område som var inngrepsfrie i 1988, men som ikkje er det lenger.
Illustrasjon