Konstituert rektor ved Mork skule

Konstituert rektor ved Mork skule

May Britt Myklebust Høydal (49) er konstituert som rektor ved Mork skule skuleåret 2024/2025. 

May Britt Myklebust Høydal ut i rådhusparken - Klikk for stort bilete Volda kommune

Høydal kjem frå stilling som lærar ved Volda ungdomsskule, der ho har arbeidd sidan 2004. 

Ho er utdanna allmennlærar, der ho særleg har undervist i matematikk og KRLE. I dei siste åra har ho og teke vidareutdanning i spesialpedagogikk, og hatt spesialundervisning som ein del av stillinga si. Den store interessa for matematikk førte Høydal inn i styret for LAMIS (Landslaget for matematikk i skulen) Sunnmøre, eit verv ho har hatt sidan 2016.


Utanom arbeid har May Britt vore engasjert mor i både Volda fotball, KFUM volleyball og Bratt sykkelklubb. Vi gratulerer May Britt med stillinga som rektor, og ønskjer lykke til med nye utfordringar!