Barnevakten
Her får du steg-for-steg rettleiing i bruk av mobil og populære appar som Snapchat, Roblox, TikTok og YouTube. Du treng ingen forkunnskapar – alle er velkomne.
Dette er første del av ein serie workshopar som vil bli arrangerte framover.
Tidspunkt:
- 4. mai kl. 18.00–21.00
- 5. mai kl. 10.00–13.00
Stad: Volda Filmteater
(ope for føresette i både Ørsta og Volda)
Vi tilbyr både ettermiddags- og dagtidstilbod, slik at flest mogleg skal ha høve til å delta – uavhengig av arbeidstid.
Den første halvtimen blir det ein felles gjennomgang på storskjerm, der du får oversikt over aktuelle foreldreinnstillingar på mobil og i appar som Snapchat, Roblox, TikTok og YouTube. Det blir også høve til å stille spørsmål.
Deretter tilbyr vi individuell rettleiing éin-til-éin for dei som har bestilt tid på førehand. Desse plassane blir fordelte etter «førstemann til mølla»-prinsippet.
Er du usikker på om du treng individuell rettleiing, kan det vere lurt å delta på fellesdelen først. Det gir ei god oversikt og kan gjere det enklare å vurdere behovet for meir hjelp. Det vil også kome fleire workshopar utover året, med nye moglegheiter for å bestille éin-til-éin rettleiing.
Du kan møte opp utan å ha bestilt tid, men det kan då bli noko venting. Vi hjelper så langt kapasiteten rekk.
Meld deg på her