Kreftforeninga inviterar til folkemøte om rehabilitering etter kreft

Kreftforeninga inviterar til folkemøte om rehabilitering etter kreft

Kreftforeningen arrangerer eit ope folkemøte onsdag 30. mars kl 18.00-20.00 ved Hotell Ivar Aasen i Ørsta. Dette er eit gratis arrangement og du treng ikkje å melde deg på.

Frode Skanke, medisinskfagleg overlege ved Unicare Røros er hovudføredragsholdar på både folkemøtet og fagdagen. Kreftforeningen

I ei pressemelding til Volda kommune skriv Kreftforeningen.

Oppfølging etter kreftbehandling er i dag tilfeldig og lite systematisk. – Slik skal det ikkje vere, seier Kreftforeningen, som no legg ut på rehabiliteringsturné til kommunane. 

 

– Mange kreftpasientar får ikkje tilgang til den rehabiliteringa dei har krav på etter avslutta kreftbehandling. Slik skal det ikkje vere, seier Tom Anders Stenbro, distriktsleiar i Kreftforeningen Midt-Norge.


– Ordet rehabilitering kan kjennest framand for mange, sjølv om kroppen og hovudet ikkje heng med. Det handlar om livskvalitet og moglegheit til å delta i arbeid og sosialt liv etter sjukdom og behandling.

 

I dag lev det over 300.000 personar som har eller har hatt kreft i Norge. Betre verktøy for å oppdage kreft og meir personleg kreftbehandling, har gjort at 3 av 4 overlever. Framskriving frå Kreftregisteret viser at talet som får kreft berre vil auke framover. Behovet for rehabilitering i kommunane vil auke i takt med dette.

Fleire i kommunen må snakke saman No reiser Kreftforeningen rundt på ein rehabiliteringsturné saman med Unicare Røros. Fyrste stopp er Ørsta og Ålesund. Turneen dekker alle regionane i Midt-Norge og inneheld ein fagdag for helsepersonell på dagtid og eit ope folkemøte på kveldstid.


– Vi veit at det finst mange gode rehabiliteringstilbod og kompetanse i kommunane. Men dei ulike aktørane har ikkje alltid oversikt over kva dei saman kan bidra med. Så står kreftpasienten og pårørande aleine igjen med ansvaret for å sikre ei heilskapleg oppfølging – frå bekymringar om økonomi og arbeid til fysiske og psykiske plager.

 

Kreftforeningen håper at rehabiliteringsturneen skal samle alle dei kommunale aktørane for å auke kjennskapen til kvarandre og kreftpasientane sine behov. Tildelingskontoret, NAV, kreftkoordinatoren, rehabiliteringsavdelingane, fastlegen, heimetenesta og frisklivsentralen. Kva tilbod har vi saman til kreftpasientar?

 

Lokale aktørar

Frode Skanke, medisinskfagleg overlege ved Unicare Røros har jobba med rehabilitering av kreftpasientar i ei årrekke. Han er hovudføredragsholdar på både folkemøtet og fagdagen.


–Nokon har beskrive kreftbehandling som ei togreise kor stoppa er alle avtalane med behandling. Så kjem ein til endestasjonen kor du skal gå av og klare deg sjølv. Kven er der for deg då, og kva har du i bagasjen?

I tillegg til Unicare Røros og Skanke vil Muritunet og lokale pasientforeiningar vere til stades på møta for å fortelje om sine erfaringar. Sjå kreftforeningen.no for meir informasjon.