Kronikk om Aasenkvartalet

Kronikk om Aasenkvartalet

Ordførar Sølvi Dimmen har skrive kronikk om Aasenkvartalet. Les skrivet hennar her og sjå presentasjon om Aasenkvartalet som forklarar kva som er planane. 

Illustrasjonsskisse av Aasenkvartalet - Klikk for stort bilete Aasenkvartalet

Møre og Romsdal fylkeskommune som utløysande faktor for realisering av Aasenkvartalet ved Høgskulen i Volda

Vi står overfor ei tid der de ytre faktorane jobbar mot distrikta. Vi får fleire eldre, redusert aldersbereevne og ei sentralisering mot dei store sentra. Skal vi ha berekraftige samfunn i Volda/Ørsta og på søre Sunnmøre i framtida, dvs samfunn som er attraktive for kompetanse og private investeringar framover, må vi samarbeide om det regionale perspektivet og gjere prioriteringar som kjem næringslivet, dei offentlege institusjonane og innbyggjarane i fellesskap til gode. På søre Sunnmøre er Høgskulen i Volda og sjukehuset svært viktige institusjonar. Som arbeidsplassar utfyller dei arbeidslivet slik at næringslivet i regionen lettare kan rekruttere kompetanse i ein stadig meir krevjande konkurransemarknad. Desse institusjonane er heilt avgjerande for søre Sunnmøre, og for at dette skal vere ein region som kan halde stand og utvikle seg i eit sentraliserande samfunn. Det er ingen ting som kan takast for gitt. Desse institusjonane er avhengig av å rekruttere høgt kvalifiserte folk for å kunne eksistere. Konkurransen om studentane vert utfordrande for høgskulen. Høgskulen må utvikle konseptet og ha fleire bein å stå på. Høgskulen må promotere sterkare si rolle inn mot samfunnsutvikling og inn mot næringslivet i regionen. Her vil Norsk Innovasjonssenter som skal inn i Aasenkvartalet vegg i vegg med høgskulen vere heilt avgjerande for å få dette til. Blant universiteta og høgskulane i landet, er det berre Høgskulen i Volda som ikkje har ein kunnskaps- eller næringspark knytt til seg. For å få til dette er vi avhengig av fylkeskommunen, og at kommunane samarbeider. Samlokalisering av fylkestannklinikken i Aasenkvartalet vil vere eit tiltak der fylkeskommunen kan vere utløysande faktor for eit stort regionalt prosjekt. Denne saka handlar om regional utvikling, og bør ikkje bli til ein snever lokaliseringsstrid mellom Volda og Ørsta. Her er det viktig at fylkeskommunen er den som kan heve perspektivet og ta si rolle som regional utviklar.

Aasenkvartalet er eit sambruksprosjekt på høgskuleområdet med 14000 m2 til ei investering kalkulert til 600 millionar. Sisa Invest AS er utbyggjar. Prosjektet skal romme kontorareal for Høgskulen i Volda, Norsk Innovasjonssenter, lokale til bank, kontor til bedrifter, konferansehotell med 116 rom, kultur- og konferansescene og helsehus. Det som kan gjere dette realiserbart er at ein samlar mange funksjonar på ein stad med arealeffektive løysingar og høg grad av sambruk.

Prosjektet er i ei framdrift der det hastar med å få avklaring frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Kommunen har teke eit særleg stort engasjement for å få til dette, og kanskje hatt tilsvarande rolle som det fylkeskommunen hadde i samband med realisering av Campus Kristiansund. Prosjektet er nær ei realisering. Høgskulen i Volda og Møre og Romsdal fylkeskommune er sentrale aktørar som må vere på plass som utløysande faktorar for dette regionale prosjektet. Styret for Høgskulen har gjort positive vedtak.

Kombinasjon - større tannhelsefagleg miljø og samtidig utløyse regionutvikling

Fylkeskommunedirektøren har i sak 35/25 til kultur- og folkehelseutvalet innstilt på at  fylkeskommunedirektøren får fullmakt til å planlegge kompetanseklinikk for Søre Sunnmøre lokalisert til Volda. Ho grunngjev innstillinga mellom anna med fleire pasientar og styrka behov for å etablere ein kompetanseklinikk med større rom- og behandlarkapasitet på søre Sunnmøre. Vidare at ei ny vurdering av kor kompetanseklinikken skal etablerast utanfor vidaregåande skule i Ørsta, bør ta omsyn til auka oppgåver for tannhelsetenesta, samt dei vedvarande rekrutteringsutfordringane. Fylkesdirektøren legg da vekt på samlokalisering i eit helsefagleg miljø i Helsehuset i Aasenkvartalet på høgskuleområdet. Ho seier at desse premissane talar til fordel for ei lokalisering i Volda. I tillegg til at studentane får tannehelserettar, peikar fylkesdirektøren på utfordringane med vakansar og høg turnover i små einingar. Behandlarane søkjer mot større og meir robuste fagmiljø. Ho peikar på at ei samlokalisering med andre tenester gir eit tverrfagleg miljø som kan gjere det attraktivt for tannhelsepersonell å søkje jobb. Fylkeskommunen har også ei regional utviklarrolle, og må sjå denne saka utover det tannhelsefaglege. Fylkesdirektøren seier det slik i saka:

«Ambisjonen er at fylkeskommunen gjennom utvikling av eigne tilbod også kan forsterke utviklinga i dei regionane der vi er til stades gjennom samarbeid med andre. Gjennom samarbeid kan vi få til meir enn om aktørane skulle utvikle sine tilbod kvar for seg. Fylkeskommunen er i samarbeid med Ørsta kommune no i ferd med å etablere Ørsta kompetanse og kultursenter. Her skal fylkeskommunen lokalisere fylkeskommunale utdanningstilbod saman med kommunen sitt kulturhus, kino, bibliotek og kulturskule. Volda kommune har arbeidd i fleire år for ei realisering av Aasenkvartalet. Selskapet Volda Utvikling AS (100% eig av Volda kommune) er etablert for å utvikle ei kommunal tomt i Volda sentrum der ambisjonen er å samle ei heil rekkje aktørar frå Høgskulen i Volda, Norsk Innovasjonssenter, private og offentlege helseaktørar, offentlege etatar, konferansehotell og bank/finanshus. For fylkeskommunen er det tenleg med ei lokalisering av kompetanseklinikk i den delen av utbygginga som skal innehalde helserelaterte funksjonar. Framdrifta på prosjektet er no slik at det passar i tid med fylkeskommunens sitt behov for utviding av behandlingskapasitet. Med utvikling av ein kompetanseklinikk for søre Sunnmøre i Aasenkvartalet er fylkeskommunen deltakar i viktige samfunnsutviklingsprosjekt i både Ørsta og Volda, noko som samla vil styrke denne regionen si vekstkraft.» (Sitat slutt)

Fylkeskommunen har gått tungt inn i campusprosjekta og innovasjonssentra i dei tre byane i fylket, og seinast i Kristiansund der fylkeskommunen hadde ei drivande rolle. Det er forventing til at fylkeskommunen deltek i Aasenkvartalet på eit nivå som det fylkeskommunedirektøren har foreslått. Det er krevjande for fylkeskommunen å ivareta rolla som regional utviklingsaktør med ein pressa økonomi. Da er det særleg viktig at fylkeskommunen er medveten om at investeringar og leigekontrakter vert vinkla mot prosjekt som kan utløyse regionale synergiar.

Status Aasenkvartalet

I Volda er vi no i ein situasjon der mange offentlege leigekontrakter er i spel samtidig. Dette  gjeld blant anna nytt legekontor, Høgskulen, Norsk Innovasjonssenter, Newtonrom, kultur- og konferansescene og ikkje minst kompetanseklinikk for fylkestannrøkta. Ein potensielt stor andel av offentlege leigetakarar er derfor hovudårsaka til at Volda Utvikling har klart å få med seg ein privat investor til å realisere dette store prosjektet. Utan desse offentlege leigekontraktene vil prosjektet ikkje vere realiserbart. Offentlege leigekontrakter i eit slikt omfang vi no ser vil ikkje kome i marknaden samtidig i uoverskueleg framtid. Det er derfor avgjerande at ein fullt klar over at det er no vi har moglegheita til å få dette prosjektet realisert. Ikkje om nokre år. 14000 m2 i Volda er eit svært stort prosjekt. Utleigemarknaden på bygdene er sjølvsagt meir krevjande enn i dei store byane, og dermed er det større finansiell risiko for investorar å gjere slike investeringar på plassar som Volda. Offentlege leigetakarar vert av bankar vurdert som mykje sikrare enn private leigetakarar. Ein større andel offentlege leigetakarar er avgjerande for finansiering. Volda kommune har strekt seg langt, mellom anna som stor leigetakar i Helsehuset, Newtonrom, eigar av kultur- og konferansescene og eigar i Norsk Innovasjonssenter. I tillegg er kommunen i forhandlingar knytt til grensesnitt for fordeling av infrastruktur. Høgskulen i Volda vil også ha ei viktig rolle. Men vi er heilt avhengig av bidrag frå fylkeskommunen som ein viktig regional utviklingsaktør skal vi klare å få dette prosjektet på plass.  Utan dette bidraget vil prosjektet ikkje vere realiserbart, da andre offentlege leigetakarar i prosjektet er for lågt.

Utleige av det øvrige arealet i Aasenkvartalet vil kome på plass. Hotelldrivar er på plass.  Leigekontrakter kan imidlertid ikkje signerast før ein har fått avklart dei offentlege leigetakarane. Når desse er på plass veit vi at prosjektet kan realiserast.

Her kan du lese presentasjon av Aasenkvartalet (PDF, 8 MB)

Avsluttande kommentarar

I eit regionalt utviklingsperspektiv vil det vere viktig å byggje på kommunane sine styrker. Volda sitt særpreg er knytt til helse og utdanning, og satsing på eit eige 'Helsehus' i Aasenkvartalet nært kopla til utdanning og sjukehus er framtidsretta kompetansebygging for regionen. 

 

Ørsta kommunestyre har i samrøystes vedtak 27. mars uttrykt motstand mot fylkeskommunedirektøren si innstilling.

Volda kommune vil også løfte fram den positive effekten det har at fylkeskommunen går inn med ei investering i storleiken 700 millionar kroner for å realisere Ørsta kultur- og kompetansesenter. Fylkeskommunen sitt tilskot til Viti er også utløysande for at Viti kan flytte med sine 6 arbeidsplassar frå Volda til Brudevolltunet i Ørsta for å utvikle eit levande museum der. Det vil såleis vere naturleg at Ørsta kommune ville støtte opp om realisering av Aasenkvartalet og medverke til regional utvikling til felles beste for heile regionen.

Realiseringa av Aasenkvartalet vil stå og falle på kva deltaking Møre og Romsdal fylkeskommune legg seg på. Det er derfor heilt avgjerande at fylkestinget tek det regionale perspektivet og samlar seg om eit vedtak om å verte ein utløysande faktor for Aasenkvartalet, innanfor investoren sin framdriftsplan fram mot investeringsavgjerd. Dette er ei altfor viktig sak til å verte forsmådd til ein simpel lokaliseringsstrid mellom to kommunar. Det er ikkje det saka dreier seg om.

 

Med helsing

 Sølvi Dimmen

ordførar