Kulturbonanza i Volda!

Kulturbonanza i Volda!

Ordførar Sølvi Dimmen ved inngangen til Dokfilmfestivalen - Klikk for stort bileteSjeldan føregår det så mykje samtidig i ei bygd. Det er kulturbonanza i Volda i desse dagar.

Det er vår og kulturlivet i Volda har vakna til live. Vi ferdige med alle restriksjonar og må finne tilbake til sosiale aktivitetar. Det er nydeleg vêr, og ingenting i vegen for at vi kan forlate hus og heim nokre timar, og fylle kropp og sjel med rike kulturopplevingar.

"No må folk få på seg skoa og møte opp", seier ordførar Sølvi Dimmen. "Arrangørane fortener å få gjestar og publikum til arrangementa sine".

Dette er noko av det som skjer i Volda:

Det er dokumentarfilmfestival på Volda samfunnshus. Her finn du program og meir informasjon (dokfilm.no).

Volda E-sport arrangerer Arena LAN#1, fredag 22. april-søndag 24. april på idrettsbygget i Volda. Meir informasjon finn du her (http://voldalan.no).

Det er kyrkjemusikkveke. Det er sett opp eit variert program som skal vere i fleire av kyrkjene. Mellom anna kjem Christiania mannskor, som er Noregs einaste heilprofesjonelle mannskor. Her finn du informasjon og program (volda.kyrkje.no)

Det er vårbasar på Uppheim, laurdag 23. april, kl 10.00-14.30.

Dalsfjord sogelag arrangerer vårkafé på Fyrlykta kulturhus/Dalsfjord skule, søndag 24. april kl 16.00.

Det er bilmesse på Volda stadion, laurdag 23. april. Meir informasjon her (voldabilmesse.no)

Sunnmøre ungdomssymfoniorkester fyller 50 år og feirar med jubileumskonsert søndag 24. april. Konserten skal vere på Kårstadhuset, kl 18.00.

Det vert "oppe-nede" på Volda Turisthotell med BokkeReidars Blues Band nede i Porsekjellaren, laurdag 23. april. Sjølv om dette er i samband med feiring av Media ved Høgskulen i Volda som fyller 50 år, er det ope for alle.

Også utestaden Tredet har arrangement på laurdagen, der vert det både jazzkafé og Faculty og Funk. 

 

I Volda finn du kulturelle arrangement for einkvar smak, så no er det berre å gjere som ordføraren, ta på skoa og få med deg mest mogleg!

Volda kommune gratulerer jubilantane og ynskjer alle ei god helg!