Svar på melding om hogst i den utvalde naturtypen olivinskog
Det vart fatta følgjande delegert vedtak 19.09.24:
Volda kommune godkjenner hogsten i den utvalte naturtypen olivinskog på gnr 92 bnr 2, dette med heimel i § 54 i naturmangfoldlova. Grunngjevinga er at hogsten er eit lite tiltak som er positivt for naturtypen når den vert gjennomført etter vilkåret.
Vilkår: - Plukkhogsten skal gjennomførast som ei skånsam lukka hogst.
Etter § 56. i naturmangfoldloven skal løyve til tiltak i ein utvalt naturtype kunngjerast i ein avis.
Klagefristen er tre veker og ev. klage stilast til Volda kommune. Miljødirektoratet er endeleg klageinstans.
Svar på melding om hogst i den utvalde naturtypen olivinskog
Det vart fatta delegert vedtak 17.10.24:
Volda kommune godkjenner hogsten og ungskogpleien i den utvalte naturtypen olivinskog på gnr 91 bnr 3, dette med heimel i § 54 i naturmangfoldlova. Grunngjevinga er at hogsten og ungskogpleien er små tiltak som er positivt for naturtypen når den vert gjennomført etter vilkåret.