Kunngjering. Vedtak om hogst i olivinskog Bjørkedalen

Kunngjering. Vedtak om hogst i olivinskog Bjørkedalen

Svar på melding om hogst i den utvalte naturtypen olivinskog

Det vart fatta følgjande delegert vedtak 30.10.23:

Landbrukskontoret Ørsta Volda, etter delegasjon frå Volda kommune godkjenner hogsten i den utvalte naturtypen olivinskog på gnr 91 bnr 3, dette med heimel i § 54 i naturmangfoldlova. 

Grunngjevinga er at hogsten er eit lite tiltak som er positivt for naturtypen når den vert gjennomført etter vilkåret.

Vilkår:

- Hogsten skal gjennomførast som ein skånsam lukka hogst og det skal takast omsyn til dei raudlista artane som er registrert i området.

Etter § 56. i naturmangfoldloven skal løyve til tiltak i ein utvalt naturtype kunngjerast i ein avis. 

Klagefristen er tre veker og ev. klagar stilast til Volda kommune. Miljødirektoratet er endeleg klageinstans.