Kvifor har eg fått eFaktura utan å ha bestilt dette?

Kvifor har eg fått eFaktura utan å ha bestilt dette?

Økonomiavdelinga får stadig spørsmål i samband med at fleire opplever å ha fått eFaktura utan å ha bestilt det. 

 

Økonomiavdelinga fortel at eFaktura er ei løysing som er styrt av Nets som leverer tenester til bankane. I slutten av 2018 innførte dei ei teneste som let kundane velje å automatisk opprette eFaktura-avtale med alle dei betalar rekningar til. Dette har medført at ein del kundar har fått eFaktura-avtale utan å eigentleg ønske dette.

For å avslutte ein eFaktura-avtale må du logge inn i nettbanken din og fjerne avtalen. Dersom du ikkje ønsker å få eFaktura-avtalar automatisk oppretta i framtida, må du også fjerne valet om automatisk oppretting. Banken din kan hjelpe deg med dette.

Du kan også lese meir om dette på https://www.efaktura.no/privat, på spørsmåla som gjeld "eFaktura Ja takk til alle"

Dersom du brukar VIPPS, får du truleg alle rekningane dine som eFaktura frå dei ulike leverandørane. For å slå av dette må du gjere følgande:

1.    Logg inn i vipps

2.    Klikk Profil

3.    Klikk Betalingsval

4.    Klikk eFaktura i nettbank og appar

5.    Vel vekk Alltid Vipps eFaktura

I tillegg må du avslutte eFaktura-avtalen i nettbanken din.

Kontakt

Hanne Rognan
rekneskapsansvarleg
E-post
Mobil 91 75 14 64