Lær å starte og drive bedrift

Lær å starte og drive bedrift

Møt hoppid.no, Brønnøysundregistra og Altinn på ope informasjonsmøte i Ørsta 19. mars.

Tenker du på å starte di eiga bedrift, eller er du alt i gang? Då er det viktig å vite kva for reglar som gjeld.

På informasjonsmøtet i Ørsta vil du få informasjon frå hoppid.no, Brønnøysundregistra og Altinn om tema som det er viktig å tenke på før og under oppstarten – og når du er i drift.

Du vil også få presentert digitale verktøy som er viktige for etablerarar og nye næringsdrivande.

Tid og stad

Stad: Hotell Ivar Aasen i Ørsta

Tid: 19. mars klokka 16.00–18.00

Meld deg på ved å sende e-post til: martin.foldal@sknh.no

Program

Lokal gründerhjelp – ved hoppid.no

  • Informasjon om SIVA-systemet, ÅKP og Kulturnæringshagen i Volda, Herøy næringsforum med meir

Kva må du tenke på før og under oppstarten? – ved Brønnøysundregistra

  • Kva opplever brukarane at det er vanskeleg å forstå? 
  • Kvifor er det viktig å planlegge godt?
  • Verktøykassa for å starte og drive bedrift i Altinn, med guidar og rettleiarar

Val av organisasjonsform – ved Brønnøysundregistra 

  • Litt om dei vanlegaste organisasjonsformene og korleis du registrerer

Praktisk bruk av Altinn – ved Digitaliseringsdirektoratet

Kva er det viktig å gjere når du skal drive bedrift – ved Brønnøysundregistra

  • «Starte og drive bedrift» som digital verktøykasse i Altinn – med tilpassa rettleiing og informasjon om å drive aksjeselskap og enkeltpersonføretak
  • Rapporteringsplikter 
  • Skatt og avgift 
  • Bokføring og rekneskap 
  • Andre relevante tema
  • Eventuelle andre tema som dei frammøtte vil ta opp

Vel møtt! 

 

Dersom du har spørsmål kan du kontakte:

Martin Foldal, dagleg leiar Sunnmøre Kulturnæringshage AS 

Mobil 92 22 41 65