Ledig stilling – Assisterande styrar ved Bratteberg barnehage

Ledig stilling – Assisterande styrar ved Bratteberg barnehage

Ved Bratteberg barnehage er det frå 01.08.2024 ledig 100 % fast stilling som assisterande styrar. Søknadsfristen er 23.06.24.

Vi søker etter deg som har lyst, evne og kraft til å bidra til å vidareutvikle Bratteberg barnehage. Den som vert tilsett må ha evne og vilje til å utvikle seg sjølv og dei tilsette i barnehagen, mot felles mål i eit lengre perspektiv.

Bilete av to barn som klatrar i leikestativ og frå litt hjelp av ein tilsett. Dei har på seg regnklede. - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle for Volda kommune

Ressursen for leiing er fordelt mellom styrar og assisterande styrar. Som assisterande styrar er stilling for tida 50 % administrativt og 50 % er avsett til arbeid i barnegruppa. Bratteberg barnehage har komande barnehageår omlag 75 barn. 

Bratteberg barnehage er ein praksisbarnehage med eit godt samarbeid med Høgskulen i Volda.

Volda kommune eig åtte barnehagar. Styrar og assisterande styrar er med på driftsmøte kvar månad. Volda kommune samarbeider om leiaropplæring saman med andre kommunar på Søre-Sunnmøre gjennom Sjustjernesamarbeidet. 

Saman med barnevern, helsestasjon, vaksenopplæring, kulturskule og grunnskule, er barnehage ein del av sektor oppvekst i Volda kommune.  

Visjonen til sektor oppvekst er "Volda kommune har trygge, barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer". Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren. For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette som er til støtte for barn, unge og vaksne i utviklingsprosessen. Dei tilsette må ha rett kompetanse, vere stabile, tydelege og venlege. Alle barn, unge og vaksne skal oppleve tryggleik og sosialt tilhøyr, og dei skal ha like moglegheiter til å utvikle evnene sine. 

I Voldabarnehagen vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode utviklings- og læringsmiljø som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hjå våre tilsette. 
 

Som tilsett må du og kunne identifisere deg med, og slutte deg til Volda kommune sine verdiar:
RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE

Assisterande styrar skal i sitt arbeid samarbeide og samhandle med  styrar for å sikre at barnehagen vert drive etter gjeldande lov- og avtaleverk og kommunale vedtak for verksemda. Dersom det vert organisatoriske endringar, må assisterande styrar vere budd på endring i arbeidsoppgåvene. 

 

Les meir om stillinga og søk her (webcruiter.no)