Ledig stilling - Barnevernskonsulent

Ledig stilling - Barnevernskonsulent

Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid har to ledige stillingar som barnevernskonsulent. Søknadsfrist 23. september.

Illustrasjonsbilete frå sektor oppvekst - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle

Den eine stillinga er ei 100% stilling fast stilling og den andre er eit svangerskapsvikariat. 

Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid består av kommunane Hareid, Sande,Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Volda kommune er vertskommune og tenesta er lokalisert i rådhuset i Volda. Tenesta har om lag 50 tilsette. Barnevernstenesta har fokus på medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling.

Alle kommunane i samarbeidet har tverrfagleg samhandling som satsingsområde og er BTI (betre tverrfagleg innsats) kommunar.

Det er to ledige 100 % stillingar som barnevernskonsulent  Den eine er ei fast stilling, den andre er eit svangerskapsvikariat. 

Om du ynskjer å medverke til endring i oppveksten til barn som treng det; søk på stillinga! Vi ber om at søkjar oppgir om ein søker på ei eller begge stillingane. 

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming etter barnevernslova
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Sakshandsaming for nemnd og rett
  • Deltaking i fagleg utviklingsarbeid
  • Samarbeide i team
  • Noko reiseverksemd og ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast

 

Kvalifikasjonar

  • Grunnutdanning som barnevernspedagog eller sosionom
  • Arbeidserfaring frå kommunal barnevernsteneste eller anna relevant arbeid med barn og ungdom
  • God kjennskap til barnevernslova, sakshandsamingsrundskrivet, og relevante forskrifter
  • Ønskeleg med relevant vidareutdanning
  • Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg norsk framstillingsevne
  • Gode datakunnskapar
  • Godkjent politiattest må leverast før tilsetting
     

 Vitnemål og eventuelle attestar skal ligge ved søknaden i Webcruiter

Les meir og søk på stillinga her (Webcruiter)