Ledig stilling - Seksjonsleiar ved Selje-/Hasletunet

Ledig stilling - Seksjonsleiar ved Selje-/Hasletunet

Klar for ein spennande leiarjobb?  Vi har ledig stilling som seksjonsleiar ved Selje-/Hasletunet på Volda omsorgssenter.

Vår seksjonsleiar skal over i anna arbeid og vi søkjer difor etter ny seksjonsleiar for Selje /Hasletunet på Volda omsorgssenter. 

Seksjonsleiar har dagarbeid der ein kombinerer direkte tenesteyting med leiing og administrative oppgåver.

Selje/Hasletunet er ein seksjon med 19 plassar for personar med demens, fordelt på 2 grupper. På denne arbeidsplassen får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar ilag med engasjerte og kompetente medarbeidarar. 

Vi har fokus på godt miljøarbeid og å skape ein god dag for dei som bur her. 


Stillinga er ledig frå  06.01.2025. Er du sjukepleiar eller vernepleiar så send oss ein søknad då vel. 

Les meir om stilliga og søk her,

Situasjonsbilete inne på omsorgssenteret - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle

Kontakt

Ann-Sølvi Heltne
avdelingsleiar
E-post
Mobil 91 14 48 63